Dei siste dagane har vore ganske så blytunge, må sei. Eg har vore sjuk, men selvfølgelig ikkje tid til å vere det. Markus har vore vekkreist på jobb og eg har hatt meir eller mindre eineansvar for vetlemor. Du veit når alt er tungt; å lage ei brødskive, sette seg inn i bilen, gå fra bilen inn i barnehagen, pusse tennene hennar osv. Det einaste ein egentlig vil er å ligge i fosterstilling i senga og bli tatt vare på. Den tanken har eg pent kunne legge fra meg.

 

I helga hadde eg tre spelejobbar i trivselsfylket. Veldig, veldig gøy, men eg skulle ønske at formen min var bedre. Eg gav sjølvsagt alt eg hadde og litt til, så tross ein skrantande tilstand, så gjekk jobbane bra. Satte inn det ekstra giret eg ikkje visste at eg hadde. Uante krefter.

Eg er så heldig å ha ei fetter som er lege. Eg ringte han noke dagar før eg skulle til Førde, og verdens snillaste som han er ringte han videre til ein spesialist i stemmebånd på Riksen. Eg blei satt på ein skikkelig hestekur. Eg tok óg akupunktur, noke eg har god erfaring med fra før. Måtte jo gjere ALT eg kunne for å bli piggast mulig. Det hjalp på stemmebanda, men bihulene var og er f*****.

Eg fekk óg eit kjerringråd som egentlig alle kan ta med seg inn i ein kraftig influensa: ein stor bolle med kokande vatn og ein del posar med Kamillete (eg tok 4), eit handkle over hovudet- ansiktet ned mot bollen og inhaler dampen. Ganske sterkt, ganske så varmt, men det opnar opp systemet! Vær så god!

Så no er eg på dag 7 av dette herket av ein tilstand. Men i dag tidlig bestemte eg for å stå opp med sterkt mot, sminke meg og jobbe. Berre det å få på seg litt mascara hjalp ein smule. Eg veit at det er mange som sliter med influensa om dagen, og eg føler meg kvar og ein. Eg veit, vi skal uansett ikkje klage. Berre litt… Det må vere lov 😉

Ha ein fin torsdagskveld.

Sommaren er på hell, og det er snart tid for å pakke seg inn i skjerf og varmare kle. Eg elskar akkurat det med å bu i Norge, at vi har 4 markante årstider, alle med sin sjarm og glede. Ein av dei fine tinga med høsten for min del er at eg finn ein ro til å leite etter ny og gammal musikk. Musikk er for så vidt alltid ein stor del av meg, ingenting er bedre enn å oppdage den gode låta, og i høstmørket er det ekstra deilig. Enten om det er å gå ein tur med headset på eller sitte i sofaen med eit glas rødvin og lytte til musikk. Noken kveldar gjer vi det, skrur av tv-skjermen og kun høyrer på musikk og pratar. Det er kanskje dei aller finaste stundene vi har!

Desse 10 låtene diggar eg akkurat no: 

  • Arif- Hvem er Hun
  • Miley Cyrus- Slide Away
  • Lana Del Rey- Doin´ Time
  • Lars Vaular, Røyksopp- To Minutter
  • Miley Cyrus- You´re Gonna Make Me Lonesome When You Go
  • Cam- Diane
  • Henry Green- Electric Feel
  • Jørgen Sandvik- Midnight Special
  • Taylor Swift- Lover
  • Molly Sandén- Det bäste kanske inte hänt än (heile plata)

Kom gjerne med låttips til meg óg. Det er alltid kjærkomment i denna gården!

 

På lørdag var var det Findings på Bislet Stadion, som alltid fantastisk moro! Før festivalen sneik eg meg innom VAAR og fekk stæsja meg litt. Ikkje noke eg vanligvis gjer før eg skal private ting, men sidan dei hadde tid- så passa det ypparleg.

Dei har fått ein ny ansatt, Torunn, som er kanonflink på fletter. Ho laga fiskebeinsfletter på meg. Ein av mine favorittsveisar, og ikkje minst veldig passande med tanke på høljeregnet som var ute. Sveisen satt heilt til i dag faktisk, men da var det på tide å slå håret laus. Ser ut som ei løve i dag! 

Så var det altså mandag, eg likar egentlig mandagar veldig godt- blanke ark. Planen var å trene i dagtidlig, men det har enn så lenge blitt med tanken. Kanskje eg skal kle på meg tightsen etterpå og ta meg ein liten runde på SATS. Det er jo den beste måten å kickstarte veka på. Da får ein iallfall lagt helga skikkelig bak seg.

I ettermiddag skal Billie ha sin første pianotime. Gud, så spent eg er. Som mamma har eg eit stort ønske om at ho skal lære seg eit eller fleire instrument, og sidan vi har piano i stova er dette noke ho har blitt nysgjerrig på. Eg håpar ho kjem til å like det. Eg har sjølv gått på musikkskule i mange, mange år- og det kan til tider vere tungt og kjedelig. Eg skal iallfall gjere alt i min makt for å motivere ho, så gjenstår det å sjå om ho trives. Det er det viktigaste.

Eg må sei det er gøy at ho har blitt så stor at aktivitetar er ein del av kvardagen. No er det da altså piano og dans, og til vinteren blir det alpint (det er Markus sin fanekamp). Kanskje eg får pressa inn fotball til neste år 😉 Det er iallfall gøy å prøve, så får vi sjå ke ho kjem til å ende opp med å gjere etterkvart.

Håpar mandagen din er fin, om det er skulestart eller jobb. Ha ei strålande fin veke! 🙂

Reklame

I går var det premiere på “Once Upon a Time in Hollywood”. Ein film eg har gleda meg til lenge. Eg diggar Tarantino- alltid noke crazy shit som får ein til å både skvette og trekke på smilebåndet. Denne filmen skulle vise seg å stå til forventningane, 2 timar og 41 minutt gjekk rasande fort! Eg skal ikkje skrive noke om innholdet, her er det berre til å komme seg på kino! Men at Leonardo DiCaprio, Brad Pitt og Margot Robbie levera, det er da heilt sikkert!

 

 

Tema for kvelden var “Hollywood Glam 1969”. Eg ELSKAR når det er eit tema å forholde seg til, og sjølvsagt står ein jo fritt til å tolke. Noken tolka, noken tolka ikkje. Markus og meg syns slikt er for gøy til å la vere. Riktig nok sløyfa vi glam-delen, men køyrte vår variant inspirert av 70-tallet (i 69 begynte jo den stilen å komme). Og Brad Pitt er jo denim-guy i filmen.

Markus hadde på seg antrekk fra Tom Wood. Eg hadde kjole og bukse fra ByTimo, sko fra YSL og veske fra Dior. AG fiksa hår og sminke inspirert av Brigitte Bardot- hard liner og masse tupering (sveisen var like fin da eg våkna i dag tidlig;)

Gøy med premiere og skikkelig hyggelig å gå på kino- det er nemlig ikkje så ofte vi gjer lenger (slik er det vel å ha barn).

I dag skal mor på Findings på Bislet Stadion. Gleda meg som ein liten unge. Har blitt tradisjon å gå på denne festivalen, men i fjor fekk eg ikkje vore da eg var på veg til Gran Canaria. Tenk at det er eit år sidan eg flytta ned dit for to månadar og innspeling av Love Island. Føles ut som det var i går. Nu vel, i dag blir dei høge helane bytta ut med sko som tåler vatn- det skal regne apekattar. Men ikkje søren om været skal stoppe meg ifra å ha ein knakandes fin dag. Håpar din lørdag blir fin óg!! 🙂

Det er ettermiddag, og akkurat no kjenner eg at at det hadde vore godt med ein cowboy-strekk. Det kjemme riktig nok ikkje til å skje, for her i huset senka ikkje roen seg før om noken timar enda. Middagen skal på bordet, klesvask skal hengast opp og jente 5 år skal ivaretas.

 

Det er kos da, men ettermiddagane går som regel veldig i eitt. Kveldane er derfor “hellig tid” etter at ein får barn. Med beina på bordet, krokete holdning og eit eller anna uviktig på tv.

Dagen her starta tidlig i dag. Markus og meg trenar kvar tirsdag og torsdag hos Annema kl 07:30. Såpass tidlig at vi må ha med Billie sidan barnehagen ikkje har opna når vi reiser heimefra. Det er faktisk ei veldig hyggelig stund, og Billie syns det er stas å vere med. Ho et frokosten sin der på ein liten step-kasse, og etterpå leikar ho på eiga treningsmatte eller med stor ball. Også får ho Capri-sonne av Annema.  Det er alltid ein vinnar.

Treningen er altså i gang etter sommaren, og det er digg! Det er jo berre til å hive seg i det sjølv om dørstokkmila er sjukt tung etter fleire veker med treningsfri. Eg føler faktisk allerede at eg er godt inni i det, berre etter to veker. Er ikkje så fryktelig mykje som skal til gitt. Det hjelper sjølvsagt å vere to, da får ein dratt kvarandre opp og ut. Markus og meg har i tillegg eit saftig konkurranseinstinkt -så her trenast det så sveitten spruta.

Billie blei så levert i bananhagen, og eg tok meg ein rolig dusj før eg satte meg i Minien inn til byen. Der fiksa eg antrekk til i morgon, for da skal Markus og meg på premieren av “Once Upon a Time in Hollywood”. Det er ikkje veldig ofte eg takkar ja til slikt lenger, men akkurat den filmen har eg gleda meg sjukt til å sjå! Leonardo DiCaprio- YES. Brad Pitt- YES. Margot Robbie- YES. Quentin Tarantino- YES! MÅ jo bli kanonbra!!

Så var det tid for studio. I dag har vi klipt vokal som eg sang inn på tirsdag. Det er ein ganske så gøy prosess -og innimellom noke ein kan bli litt svimmel av da ein “høyre seg blind”. Det neste vi skal gjere på denne låta er å legge stemmer. Dette syns eg alltid er veldig morro. Da får låta gjerne det uttrykke og oppbygning den så langt har mangla. Veldig, veldig spent på resultatet, og håpar den blir så fin som eg drømmer om at den skal bli.

No må eg forlate tastaturet og tilbake til grytene. Ha ein strålande torsdagskveld 🙂 Snart helg igjen altså. Steike, dagane går i rasande fart…

Er det høst allerede? Det føles iallfall litt slik. I dag kledde eg på meg jeans for første gang på veldig lenge. Eg er ikkje heilt klar for å gi slepp på sommaren, kjenner eg. Trenge eit par fine sommardagar til før ullgensaren skal på.

 

Sommarferien har vore så fantastisk fin! Vi starta ferien rolig med ei veke heime. Det var faktisk nesten litt for rolig da alle andre rundt oss var vekkreist, og det var kun meg og Billie. Veldig koselig da, men både Billie og meg likar at ting skjer, så da var det ein fryd å sette seg i bilen og køyre til Sogndal. Der var vi ei veke, først hos mamma og pappa, så noken dagar på hytta. Markus jobba dei to første vekene i juli, men fekk med seg dei siste dagane i Sogndal og bryllup til Ida og Torgeir (som var livets fest).

Så bar turen tilbake til østlandet der vi hadde noken dagar på Gåsøya før vi måtte heim å vaske kle og pakke koffertane klare til USA. Denne ferien gleda alle seg ekstremt til, to veker i Florida! Vi reiste i lag med søster og familien hennar, så vi var ein heil hurv på tur. Vi starta i Orlando og Disney World. HERREGUD for ein opplevelse- for både stort og smått. Nesten litt overveldande for ein 5- åring. Så mange inntrykk, så mykje å ta inn, men SÅ MORRO!! Lite stas å få klem av Mikke og Minnie. 

Vi var først i Magic Kingdom som for ei lita Disney-frelst jente var ein drøm! For ein park, for eit opplegg. Vi hadde det fantastisk gøy, sjølv om vi holdt på renne vekk. Det var altså så sjukt varmt, og vi hadde slettes ikkje tilpassa oss klimaet på det tidspunktet. Men vi holdt ut og passa på å få i oss rikelig med lesk.

Vi var så i i Animal Kingdom som var ein litt meir avslappa affære. Ikkje så mykje folk  som i den første parken, og i tillegg var det litt overskya, så vi slapp å bråne vekk. Der var vi blant anna på Lion King- show (som var utrulig bra) og Safari som var veldig spennande for kidsa. I tillegg var det masse gøye karusellar og selvfølgelig fugarar som vandra rundt.

Resten av dagane i Orlando brukte vi på hotellet som låg i Disney World. Vi budde på Grand Floridian Resort & Spa, stort og kjempefint! Kunne faktisk sjå på fyrverkeriet i Magic Kingdom fra balkongen vår. Bassengområdet var supergøy for dei minste da Ole Brumm og fleire plutselig dukka opp. Topp stemning!

Etter 5 dagar satte vi oss i bilen og køyrte ned til Miami. Denne delen av turen gleda eg meg veldig til da. Her sjekka vi inn på “The Palms” som ligger på “stripa”. Eg har vore fleire gongen i Miami, og syns det var kjekt å teste eit nytt hotell. Funka som ei kule! Her var vi i tre netter før vi igjen satte oss i bilen og køyrte til Key West. 

Key West har eg alltid hatt lyst å reise til, og det skulle vise seg å stå til forventningane. Joda, masse turistar, men eg digga denne plassen. Det var så fint, koselig og “chill”. Ikkje jålete, men likevel ganske stilig. Den koselige havna med flust av fiskebåtar der dei på ettermiddagane sto å sløya dagens fangst. Og selvfølgelig åt vi masse sjømat. Fekk dytta nedpå ein gjeng med Calamaris, for å sei det slik. ELSKA CALAMARI! Og Key Lime Pie, jøsses så godt! Dette er ein klassisk Key West-dessert. Eit must. 

I Key West budde vi på eit dødshyggelig, Cuba-inspirert hotell som heiter “Havana Cabana”. Det låg litt utanfor bygryta, men det gjekk shuttle til og fra hotellet titt og ofte, så det var null stress. Ein av dagane var vi på sjøen med katamaran og snorkla. Det var superfint! Billie syns óg at det var kjekt! Heile familien låg å plaska i asurblått vatn og speida etter fisk. Billie lærte seg forresten å svømme i Key West- riktig nok i bassenget da. På snorkleturen var ho kitta opp med både redningsvest og noodle.

Etter to DEILIGE veker bar turen opp igjen til Orlando. Ja, litt klønete å fly heim derfra, men vi bestilte flybillettane før vi hadde bestemt oss for å reise sørover, så da blei det slik. Det gjekk egentlig veldig fint. Alle var innstilt på eit langt reisedøgn, og alle var happy med ferien generelt, så GOD stemning.

Vil faktisk sei at denne ferien har vore eit minne for livet. Vi har fått oppleve så masse, vore i lag med folk vi er glad i og kosa oss glugg. Kunne gjerne vore der lenger, men eg skal surfe på desse ferieminnene lenge! Og heldigvis er fotoalbumet fylt til randen med herlige bilder, så på grå dagar skal eg sole meg glansen av dei.

Det er dog deilig å komme heim. Det er det alltid. Og for meg som elskar kvardag er livet for så vidt ein leik. Eg er i gang med studioarbeid igjen, og det er det er jo noke av det beste eg veit!

Håpar alle har hatt ein fin og minnerik sommar! 🙂