The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.
I kveld er eg gjest hos Senkveld på TV2 der eg i hovedsak skal synge den nye singelen min. Under intervjuet kom vi inn på eit tema eg vanligvis ikkje pratar så mykje om, nemlig media og deira makt til å påvirke, bygge opp eller rive ned prosjekt. Dette er noke eg har tenkt på lenge. Så på vegne av meg sjølv, og alle andre artistar som står på og jobbar der ute, følte eg at det var på tide å speak up. Eg vil gjerne utdjupe litt av det eg snakka om på Senkveld her på bloggen, da det ikkje er nok tid til å gå i detalj når ein sit i sofaen hos Thomas og Harald.

I dag er det 5 veker sidan eg slapp Pinnacle, og det har vore noken hektiske og spennande veker. Vi fekk ein fantastisk fin start på releasen, ein release eg hadde jobba lenge med og var veldig spent på. P3 B-lista låta før den var ute, vi fekk fronte Spotify sin New Music Friday Norway og låta gjekk rett inn på 26 plass på topplista. Alt låg an til å bli eit veldig bra singelslepp, og eg var så takknemlig og glad for mottakelsen eg fekk.

Samtidig som alt dette fine skjedde, begynte VG med det som føltes som ein kampanje for å sverte utgivelsen. Spesielt ein journalist var på meg og teamet mitt heile tiden. Og kvar dag i over ei veke kom det ut negative artiklar som inneholdt negativitet, spekulasjonar og drittkasting. Det heile toppa seg da det etter ei veke stod med store bokstavar på toppen av VG at låta mi hadde «FLOPPET». Da hadde den vore ute i sju dagar, og på eit så tidlig tidspunkt kan ein ikkje sei noke om ein låt har floppa eller ikkje. Det veit alle som jobbar med musikk. Til sammenligning hadde eg dei samme talla som mange andre norske artistar som slapp låt samme dag, og det er jo ikkje snakk om at dei har floppa- for det har dei ikkje.

Enda verre blei det dagen etter, under Spellemann, at VG køyrer ut ein artikkel med ein overskrift som seier at eg vil ha æren for Astrid S. Det er direkte manipulasjon av det som blir sagt, så når eg berre skryter av Astrid, og mimra tilbake til da eg såg ho på Idol-audition første gang, enda det opp med ein artikkel som seier at det er eg som står bak hennas suksess, DET provosera meg. Det gjekk så langt at avdelingssjefen i VG tok kontakt og beklaga ulike sakar. Det set eg pris på, men skaden har allerede skjedd. Media har masse makt, og ved konstant flyt av negativ informasjon vil det påvirke folk sin oppfatning av ein ting, sånn er det berre. Og det gjeld ikkje berre musikk, men generelt korleis dei vinkla sakene sine.

Etter 11 år i bransjen har eg blitt ganske hardhuda, og eg bryr meg lite om ke folk skriv om meg. Men når forutsetningane for eit vellykka plateslepp blir forandra fordi enkeltpersoner i media bestemmer seg for å sabotere har det gått for langt. Dei er gitt makt og tillit av sin arbeidsgivar, men med makt føl det også eit ansvar for å opptre ansvarlig. Saker som dette påvirka ikkje berre meg, men heile teamet mitt som står på og jobbar.

Det er så mange dyktige musikarar i Norge. Artistar som legg masse tid og krefter i å utvikle unike sound, nytenkande markedsstrategiar og bra musikk, og dei fortjenar at media tek totalproduktet på alvor. At dei tek artisten og låten på alvor. Å bruke makta si til å bryte ned for å oppnå kjappe klikk, blir for enkelt -og øydeleggande.  Kom gjerne med anmeldelser av låtar, så mange som muleg framover. Men gjer det skikkeleg, ikkje berre masse fjas som høyrer heime i nok ei sladresak. Skriv gjerne om produsentar, låtskrivarar, bransje og profilar. Det er masse spennande å formidla!

Eg meiner at vi må heie på kvarandre, ha fokus på dei positive tinga vi oppnår, og ikkje alltid pirke i dritten for å lage ein artikkel som kun er clickbait. Vi treng journalistar som skriv godt, levande og interessant om musikk, som om alle andre tema. Om dei MÅ ha ein eigen, destruktiv agenda når dei skriv – gjer det i ein blogg; Ikkje i Norges største avis.

Til slutt vil eg takke for alle meldingar og support eg har fått av andre artistar, folk og venner. Det er godt å vite at andre óg reagerar på mediestormen, og blir like provosert som meg <3

Foto: Helene Kjærgaard (@helene_kjaergaard)

Reklame

I skrivande stund sitte eg på Gardermoen, venta på mitt tredje fly som skal ta meg til Sogndal. Markus og Billie er nemlig der, og klara knapt å vente med å sjå dei att.

Eg sitte her med så mange fine følelsar og minner, ein tur som har gjort så sinnsjukt godt for kropp og sjel. Eg trengte å komme meg litt vekk, alle trenge det innimellom.

Eg har ikkje tal på kor mange turar eg har hatt til LA no, men såpass mange at eg føler at kan slappe av der, trenge ikkje stresse med å sjå så sabla mykje. Det er nok å berre ta LA-viben innover seg.

Eg har tidlegare skrive om mine LA-tips på bloggen, men det som er med denne byen (som med mange andre storbyar) er at dei “hotte” restaurantane og klubbane forandra seg støtt. Noken vil forbli, som Chateau Marmont, men det er alltid nye plassar å oppleve. Nedanfor ser du noken av restaurantane eg besøkte på denne turen:

  • Catch: Dødskul rooftop-restaurant med fet musikk. Her fekk vi servert asiatiskprega mat og ein knall atmosfære. På bordet bak oss satt Jason Derulo.
  • Wally´s: Italiensk perle i Beverly Hills. Forretten var eit fat med fantastiske ostar og skinker- akkurat slik som mor lika det. Til hovedrett valgte vi fleire trøffelrettar, and I love it!
  • Delilah: OK, kulaste plassen eg besøkte på heile turen, men ganske vanskelig å få bord (vi kjente ei som fiksa for oss). Og eg skjønna koffor. Live jazz-band, Great Gatsby-damer med puppane i det fri som dansa elegant poledance, ein dødskul bar og Justin Bieber satt på bordet rett attmed oss. Eg daua litt. This is the new HOTSPOT!
  • Nobu Malibu: Ingen ny plass, but still so amazing. Sjukaste utsiktet, latterlig god sushi og ein herleg vibe. Malibu i seg sjølv er jo så fint, og denne restauranten er heilt topp.Jakken er fra Colmar, og er sponsa. 

I går hadde eg date med Mia. Ho har akkurat flytta til Los Angeles for å forhåpentligvis ta dansen eit steg videre. Eg elska folk som satsa, og eg heia heile vegen. Ho e jo så sabla flink.

Vi hang rundt på Rodeo, deretter satte vi oss ned på ein superkoselig restaurant, Rodeo 208, der vi tok oss eit par coctails og calamari (my favorite). Artig var det óg at Asap Rocky spanderte vin på oss.

I går tok vi turen til Malibu der vi åt lunsj på Nobu. For ein herleg opplevelse, for ein plass, for ein utsikt. Må virkelig anbefale alle som skal til Los Angeles å reise hit. Ein aldri så liten opplevelse.

Det var Valentines Day, og måtte jo gjere det til ein litt ekstra koselig dag sjølv uten kjærestane våre tilstades. På kvelden var vi på ein fantastisk italiensk restaurant som heiter Wally´ s. Mor fekk i seg trøffelpizza, trøffelpasta, skinker og ostar- i mathimmelen!

 

Eg er i desse dagar i Los Angeles, og det er så vanvittig deilig. Godt å komme seg vekk fra kalde, mørke Norge til sol og glede. Den gode følelsen er umiddelbar når eg kjemme hit.

Jetlagen er som den alltid er- heilt krise- men har likevel klart å holde det gåande. Måtte jo det når vi skulle på Grammys! Shit, for ein opplevelse, det eine høgdepunktet etter det andre. Bruno Mars, Lady Gaga, Katy Perry, Beyoncé, The Weeknd, Adele… U name it, “alle” var der! Eit minne for livet, og ikkje minst veldig inspirerande for ein liten artist fra Norge.

I går var ein rolig dag, vi hadde lunsj på The Ivy- som ein jo alltid må når ein er her i LA. ELSKA den plassen.
No skal mor få på seg trynet, og deretter skal eg ut å traske på Rodeo.

Tone.

Reklame

På lørdag var det Spellemannprisen på Sentralen og Sentrum Scene. Ein stor fest for å hylle musikknorge og utøvarar innanfor ulike genrer. Og for eit år 2016 var for norsk musikk, vi har så mykje å vere stolt av.

Eg var der i lag med Eccentric Music, der blant anna vår Joakim (Kid Joki) som har skrive og produsert “Pinnacle” var nominert til årets produsent. Han har blant anna gjort “5 fine frøkner” med Gabrielle, “Arigato” med Julie Bergan og “Dust” med Astrid S. Riktig nok så meinte han at Cashmere Cat vann prisen fortjent, men likevel stas å vere nominert. Det er jo ein liten seier i seg sjølv, spør du meg.

Og hurra for Astrid S som fekk prisen for Årets Nykommar! Og nei, eg har aldri sagt at eg skal ha noken ære for hennas suksess som VG ville ha det til (møkkaskriveri). Derimot er eg stolt over å ha vore med å oppdage ho som dommar i Idol. Astrid er eit stjerneskudd med verden for sine føtter. Heia, heia- heile vegen.
Eg veit eg masa mykje om ny singel og slikt om dagen, men har du enda ikkje høyrt låta mi eller kanskje du vil legge den til i spelelista di, så finne du den her.

Takk for ein fin Spellemannkveld.

Foto: Robin Bøe

Takk for styling av Line Langmo og sminke/hår av AG Starheim. 

The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.