The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.

Reklame

I dag har eg hatt ein veldig kjekk fotoshoot i lag med veldig flinke folk- til tross for at AG og Line begge er på feire. På sminke fekk eg testa Dajana- som jo er heilt sjukt god, og ei kjempeflink på hår fra Stavanger som heiter Henrikke. Stylingen sto eg for sjølv denne gangen. Ole Martin Halvorsen tok bildene, han som óg tok bildene til Pinnacle-sleppet. Som alltid blir det veldig spennande å sjå resultatet. Eg har trua.

No sitter eg stivpynta og fin i bilen på veg til Sogndal og hytta. Perfekt hytte-look. Haha. Greit å ankomme med stil før  joggebuksa og no-makeup-looken skal inntas.

Gledar meg til deilige høstdagar på hytta, og gleda meg ekstra fordi vi får levert utemøblar denne veka. Vi har ein stor terrasse som blir supernice å få i orden med sittegrupper. Satsa berre på noken soldagar, sjølv om det ser litt mørkt ut.

På lørdag skal vi feire mamma som blei 60 år i sommar. Både bror og søster kjemme til Sogndal denne høstferie, og det er så kjekt når vi alle ein sjelden gang er samla.

Så var det mandag igjen. Ein smule tung i skrotten, hardt å stå opp og treig i alt eg foretar meg. Kunne ikkje passa bedre med ein bluecheese-burgar til lunsj. Markus og meg var i Torggata i dag, ikkje så ofte vi er der nede, og dermed er det ekstra koselig å traske rundt. Vi ramla innom ein gaterestaurant som heite Wünderburger, og det var heilt nydelig. Heimelaga fries, jalapeno poppers, chipotledressing og godt kjøtt med da denne nydelige blåosten.

Formen min gjenspegla ofte været, for eg er skikkelig værsjuk. I dag er det sånn ingenting-ting-vær. Berre grått. Og derfor tenkte eg det var hyggelig å dele litt høstmusikk med dikka. Låtar som eg syns passar perfekt til desse litt kaldara og mørke dagane. Viss noken av dikka har tips til meg, så bring it on. Elska å få musikktips, er alltid på leit etter ny bra musikk. Ofte heng eg med fast i dei samme gamle spelelistene som går på repeat.

Min høstmusikk: 

    • Maisie Peters- Places We Were Made
    • Kaleo- Vor í Vaglaskógi
    • Bo Kaspers Orkester & Chrisel Alsos- Håll ut
    • Niki & The Dove- So Much It Hurts
    • Eva Weel Skram- Hold Meg
    • Kakou- Live In This Moment
    • The Commodores- Nightshift
    • Foy Vance- Paper Prince
    • Jamie Cullum- If I Ruled The World
    • Veronica Maggio- Låtsas Som Det Regnar

Ha ein fin veke da, alle sammen. Det har eg tenkt å ha. Sjølv om den starta litt slow… Men fin óg.

 

Good morning!

Fredagsfølelsen har vel aldri slått feil, heller ikkje i dag. Tanken på ein rolig lørdagsmorgen i sofaen med barne-tv og eplejuice for Billie, kaffi til mor, etterfulgt av ein lang frokost med egg og bacon. Er jo ikkje heilt utanfor det. Slike stunder setter eg høgt, er ikkje så opptatt av å vere på skogstur kl 10. Berre familiekos. Så kanskje ein trasketur utpå dagen. Kanskje. Om vi gidda.

I helga skal eg rikitg nok lufte meg litt på eigenhand. Eg skal spele jentepoker-turnering, noke eg gleda meg veldig til. Blir ikkje så masse poker i desse dagar, så når muligheten først byr seg, grip eg den. Også er det ekstra hyggelig at dette er noke eg og Tale (søster) likar å gjere i lag.

Fredagskvelden går til sushi og “The Voice”, eg er ein sucker for talentprogram på tv. Generelt likar eg godt tv-kvelden på fredagar, akkurat som i gamledagar. Skal ikkje gløyme lineær-tv heilt. Nei Gud. Snart kjemme jo Hver Gang Vi Møtes!

Friske blomster på stovebordet, masse digg i kjøleskapet- eg er klar for ei fin helg. Håpar di får det samme.

Denne høsten har enn så lenge gått i rasande fart, men på ein veldig god måte. Eg har masse som skjer, og eg storkosa meg med det. Eg jobba i studio med forskjellige folk og låtar, og no trur eg vi har landa på neste singel som skal ut. For ein glede! Skal i studio etterpå for å ferdigstille. Gleda meg som eit lite barn.

I helga var vi på hytta i Sogndal, endelig er sesongen her igjen! Det var så deilig å komme opp dit- ro, fred og frisk luft. Det er digg å flykte fra byen innimellom, komme heim til den beste plassen eg veit om. Eg elskar hytta vår! Høsten er så fin, det er faktisk godt etter sommaren å kunne pakke seg inn i litt tjukkare kle.

No sitt eg i morgenkåpa, har akkurat dusja, men ettersveitta som ein gris etter intervalløkta på tredemølla. Kanskje da ein dårlig idé å helle nedpå presskannekaffi som eg akkurat har mekka, men kjenner at eg treng dagens første koffeinkick for og komme skikkelig i gang.

Håpar alle har ein så langt fin torsdag. Snart helg! Woopwoop.

Annonse

Eg er stolt av vere ein del av PUMA WOMEN. Puma Women representerar aktive jenter som samtidig er opptatt av stil. Puma vil motivere til  å vere modig, sjølvsikker, beslutsom og glad.

Kolleksjonen er inspirert av gymmen som møte det kule, enkle og glamorøse. “The Velvet Rope” concept handlar om det reine, urbane utrykket som møter den hektiske verden.

“DO YOU” vil representera sjølvsikkerheit. Eit ja-menneske. Eit menneske som ikkje bryr seg om det andre seier eller gjer. Stolt, jordnær og med eit opent sinn. Følg instinktet ditt og ver ditt beste deg.

Eg diggar denne kolleksjonen, og føler meg  skikkelig bra i desse klea som fargemessig er tona ned i forhold til mykje av det fargesprakande som lenge har vore ein stor treningstrend. Eg føler meg kul og gjennomført- for sjølv på trening vil eg føle meg fin. Dessuten er treningsklea gjerne på lenger enn berre på trening. Visse dagar kan eg ta med treningskle på morgonen, men først komme med på trening på kvelden. Denne kolleksjonen er tilpassa slik at du kan kombinere alle dei ulike plagga- gjerne lag på lag, og det er gøy!

Eg er klar for ein sporty høst, enten om det er på trening eller berre traskande i byn.

Kleda kan kjøpast på XXL her.

Foto: Anton Soggiu

Denne helga har vore heilt nydelig. På fredag var vi hos Tale og Jens, åt verdens beste Alex Sushi, drakk god vin og endte med eit aldri så lite pokerlag utpå kvelden. Aldri feil det med gode venner.

Vi sov over, vakna på lørdag med litt smale auger, men klar for ein strålande fin solskinnsdag. Vi gjekk opp på Røa Senteret, handla inn masse deilige råvarer, satte oss så ut på balkongen og kutta opp ein haug med grønnsaker som til slutt blei til heimelaga taco. Og med heimelaga taco meinar eg ikkje Old El Paso-salsa og kjøttdeig med posekrydder- her snakka mi “the real deal”. Heimelaga salsa, mango- og granateple salat, guacamole og grilla entrecote skjært i løvtynne skiver. Så sjukt godt. Eg elskar å lage slik mat, reint og sunt. Heller ikkje feil å flytte kjøkkenet ut, høyre på musikk og drikke Coronitas.

7 kids kosa seg i bassenget, på trampolina og farta rundt i 110. Alle storkosa seg. Det er så deilig når sommaren strekke seg ut i september, riktig nok litt meir crispy i lufta, men så fint.

No har vår lille familie på 3 vore på Texas Barbecue Cafe på Stabekk- vil helst ha slik på mat på søndaga. Baby Back Ribs, Pulled Pork, Corn on the Cobb og Mac & Cheese. Grisete og deilig! Hadde mat i halve fleisen etter at alt var slukt. Nam.

No nærma det seg sengetid for vetlemor. Eg skal så ta meg eit langt bad, ta hårkur, ansiktsmaske og nyte ein stille kveld her heime. Må lade opp til ei veke som blir ganske så hektisk.

Snakkast snart.

Tone

The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.