The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.

Eg sitter igjen med ein så god følelse etter denne ferien i Dubai. Herrefred, så fint vi har hatt, fint og ikkje minst kjekt. Eg hadde aldri vore der før, så for meg var alt nytt og veldig spennande. Tale og meg har ei god venninne som bur og jobbar som flygeledar i Dubai, så vi blei tatt med rundt på ting og tang, noke som jo var veldig fint. Bra å bli guida rundt av folk som kan plassen.

To dagar etter vi kom var vi på ein heilt rå Brunch som heite Bubbalicious på Westin. Eg trur eg aldri har sett makan til buffet (eg er egentlig ikkje så fan av buffet, men denne elska eg!) Her var det rom etter rom med alt du kan tenke deg av mat; ein avdeling med sjømat, indisk, thai, japansk, sør afrikansk, svin, eit osterom, eit candyrom, food trucks og selvfølgelig mange stasjonar med ulike ølsortar. Eg falt pladask for den lille Fiaten som var fylt med Peroni i panseret. Her åt og drakk ein så masse ein ville i tre timar for ca 1000kr.Nest siste dag var vi ti personar som leigde ein Yacht og cruisa rundt i tre timar. Skikkelig fint å sjå Dubai fra ein anna vinkel, og ikkje minst heilt magisk å vere på sjøen.

Foruten om desse aktivitetane gjekk det mest i strand, sol og shopping. Eg har lest bok, fått dilla på kryssord, berre kosa meg verre i 6 dagar. Eg vil definitivt tilbake. Dessuten syns eg Dubai var veldig barnevennlig, kanskje sett vekk ifra at det var heilt sjukt varmt. Viss eg skal reise med Billie og Markus vil eg nok kanskje reise på ein tid da det ikkje er 39 grader som no.  

Da har vi rast gjennom Gardermoen, det blei ikkje tid til noken forfriskning denne gangen, men vi sitter i det minste godt plassert på flyet som skal ta oss til Dubai. Vi gledar oss veldig, mamma, Tale og meg. Jentetur altså.

3 store koffertar er pakka, og vi er så gira på ei veke med strand, sol, shopping, mat og kvalitetstid. Herregud, så fint vi skal få det.

Got to fly. See you in Dubai.

Heime fra ei strålande helg i København som innebar god mat, drikke og pokerturnering. For oss; heilt perfekt! I tillegg gjorde både Markus og meg det ganske bra i turneringen, så vi er berre glade og fornøgde.

Denne solfylte mandagen har starta veldig rolig her i huset. Har akkurat komme heim fra fotbehandling på Beths Beauty (spons), fint å få rydda litt opp før sandalar og strand ventar i Dubai. Tanken på bikini, sommarkjolar og varme er så digg. Skal ligge på lading i ei veke, og forhåpentligvis komme heim glødande og glad. Tale og meg ville gi denne turen i gave til mamma fordi og ho blei 60 år i sommar, men aller mest fordi vi tre aldri har vore på tur aleine før. Og hadde det ikkje blitt no i forbindelse med den store dagen, så hadde det kanskje aldri blitt. Gledar meg veldig. Har aldri vore i Dubai før, så om noken har tips, fyr laus!

Straks tid for å hente dronninga i barnehagen. Skal bruke ettermiddagen til å snuse på ho.

Ha ei fin veke!

T.

Pust ut. Dagen i går var heilt vill. Vill og fantastisk. Eg sto opp i otta, 06:30 var eg på plass hos AG, ville jo pynte meg litt ekstra til pressefrokosten til Vero Moda. Dagen var lang og skikkelig fin. Ein heil haug av folk møtte opp til lanseringen seinare på dagen, og det blei så utrulig glad for. Takk til alle som kom, alle som likte og alle som kjøpte. Eg var heilt gåen i smilemusklane etter endt stund.

No er det fredag morgen, eg har allerede tatt helg. Kofferten er pakka, Markus og meg skal på tur til København. Kjenner faktisk at eg har reisefeber, til tross for at vi ikkje skal langt vekk. Følelsen av å skulle “pleie” oss sjølv litt er sinnsjukt god. Apropos pleie ein sjølv. Allerede onsdag er kofferten pakka på ny, denne gangen med lettare plagg. Mamma, Tale og meg skal på jentetur til Dubai! Herrefred, det blir digg, dét.

Skal ta dikka med på tur, eg lova. Men først. La oss nyte København- for ein deilig by! GOD HELG!

Alt eg har på meg er fra Vero Moda- utenom skoa og veska. 

Reklame

It´s ON! I dag lanserast kolleksjonen som eg frontar i alle Vero Moda butikkar i heile landet.  Kl 08:00 i dag tidlig var eg på pressefrokost på Oslo City der det blei servert Acai Bowls, Raw Food kaker, juice og deilig kaffi. God stemning, god respons og ei hyggelig stund med masse fine folk.

No er heime, antrekk nummer to skal straks på, og eg er klar for å møte alle dikka på Oslo City fra kl 17-18. Håpar det kjem masse folk, som eg gledar meg veldig til å helse på. I butikken heng alle mine favorittar merka med TONE-lappar, og så er det selvfølgelig berre til å spørre meg eller dei ansatte om det di måtte lure på.

Eg syns dette sammarbeidet med Vero Moda er å kjekt, og er veldig stolt over å få vere deira ansikt utad i denne perioden.

 

Foto: Truls Qvale

Annonse

Som kanskje noken allerede har fått med seg er eg den nye ambassadøren til Vero Moda, og eg er grisestolt. For ei stund sidan hadde eg ein utrulig kjekk fotoshoot med Truls Qvale bak kamera (ein av dei flinkaste, spør du meg),  og noken av desse bildene av den nyaste kolleksjonen til Vero Moda er no ute.

På torsdag, 12.oktober, er kolleksjonen tilgjengelig i butikk- og i den forbindelse invitera eg og Vero Moda til 30 års jubilieum på Oslo City fra kl 17-18. Det vil vere gode tilbud heile helga, 12-14.oktober, i alle butikkane.

Kleda har eg ikkje designa, men plukka ut og satt sammen mine favorittar. Det er berre til å glede seg, for her er det mykje fint- både til kvardag og fest. Julebordsesongen er tross alt rett rundt svingen. Eg har eit par favorittar som eg gledar meg til å bruke, blant anna ein rød velurkjole og ein svart dress som er heilt rå.

Eg har sidan eg var liten hatt eit nært forhold til Vero Moda da dette var ein av svært få butikkar i Sogndal på den tiden. Det var strengt tatt berre der og ein plass til eg handla- så heilt sidan tenåra har eg vore ei “Vero Moda-jente”.

Håpar å sjå mange på Oslo City på torsdag, der vi óg delar ut giftbags. Eg gledar meg masse!! 🙂

Tone

The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.