The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.

Eg føler meg lett som ei fjær, så letta og glad! Eg har ikkje lagt skjul på at eg var spent før lørdagens episode av Hver gang vi møtes, og heilt ærlig – det har vore ganske heftige følelsar i sving. No er eg berre så ekstremt glad for alle fine tilbakemeldingar eg har fått etter sending. Eg trur faktisk ikkje det har tikka inn så mange meldingar sidan Idol i 2005. Det er fint å kjenne på at folk bryr seg! Tusen takk, det betyr så utruleg mykje.

No pusta eg letta ut, skuldrane er senka, eg har tent stearinlys og ligge paddeflat på sofaen. No skal eg virkelig berre nyte, slappe av og glede meg over alt det fine som skjer. Eg føler meg heldig.

VGFREDAG
FOTO: JANNE MØLLER-HANSEN, VG
VGFREDAG
FOTO: JANNE MØLLER-HANSEN, VG

Reklame

No har eg tusen ekstremt aktive sommarfuglar i magen! I morgon er det MIN dag på Hver Gang Vi Møtes. Skrekkblanda fryd vil eg sei. Eg håpar og trur det blir fint. 

Allerede da eg vakna i grisotta på min dag, kjente eg at følelsane var i høgspenn. Eg visste om ein del av det vi skulle prate om, men eg var likevel usikker på kor mykje eg skulle dele. Dette skulle vise seg å falle heilt naturlig, da eg var så avslappa med gjengen rundt bordet. Dei var nysgjerrige, omsorgsfulle og varme. Det trengte eg – for tårene kom brått og hardt.

(Teksten fortsetter under bildet)

Det er spesielt å gå så kraftig tilbake i tid, kor ofte er det egentlig ein tenker over fortiden- heilt tilbake til barndommen? Eg har hatt ein god barndom, ein fin og trygg familie, men likevel har vi vel alle vore igjennom nokre humpar og dumpar i livet? Eg har iallfall det.

Silya og meg hadde ein avtale på forhånd; hvis eg begynte å grine for mykje, skulle ho starte med klapperegla “Ane Liane”, noke som fekk meg på rett kjøl igjen. Det var befriande, og den blei brukt eit par gonger i løpet av dagen.

Eg er så takknemlig for tolkningane dei andre artistane gjorde av låtane mine. All den tiden dei har lagt ned i mitt materiale. Ydmyk og stolt!!

Her er ein liten smakebit fra morgondagens program:

Teksten fortsetter under videoen og bildene

https://youtu.be/BfJY23j8cWA

Min aktivitet var selvfølgelig straffekonkurranse, der alle fekk drakt fra sin heimplass. Det var riktig nok eit litt for lite mål og baneforholda var litt humpete, men det var sabla gøy! Alt med denne gjengen var gøy. 

Eg inviterte alle til å bli med på morgenbad og frokost på ei motorisert flytebrygge, men det var ingen som ville hoppe uti vatnet – utenom meg.

Håpar di vil sjå på min dag på Hver Gang Vi Møtes kl 20:00 på TV 2 på lørdag.

Her er min opptreden fra Silya sin dag forrige helg.

 

 

 

 

 

Ein skulle tru at desember var høgsesong for fest og moro, men januar er ein vel så “hektisk” månad for festligheta her i gården. Forrige søndag var det Kjendisgalla på Grand Hotel, og på torsdag var det Costume Awards – som i mine auger er ein av dei aller kjekkaste festane. Eg var riktig nok sliten denne dagen, da eg kom rett fra jobb i London. Men med litt hår, sminke og ein fin kjole så kom eg meg i party mood.

No skal eg bruke to dagar på å lade batteria før eg pigge til København Fashion Week på onsdag. Eg er ikkje ein av dei som springe fra show til show, men har noken faste som eg likar å gå på. Hedda og meg har gjort det til tradisjon å reise til Køben under denne veka, men vi syns det er vel så hyggelig å drikke vin på Café Victor. Husmorsferie!

Har forresten klippa meg rimelig kort igjen. Ikkje planlagt fra mi side, men det skjedde som ein følge av jobben eg gjorde i London. Veldig fornøgd da! Digg med litt forandring innimellom, eg som ikkje gjer så mykje med håret mitt i utgangspunktet.

Og sjå under her kem eg møtte på Costume Awards!! JORUN!! Det var eit gledelig gjensyn, det. Herregud, så glad eg er i denne jenta og dei minnene vi har i lag. Og eg elska at ho er tilbake i rampelyset – der ho høyrer heime. Heldigvis er ho mykje i Oslo om dagen, så no kan eg sjå den nydelige smurfen min mykje meir framover (vi kalla ho for smurfen under Idol).

Bildene er lånt fra Costume.no og Se&Hør

Ein kan lure på om det har klikka heilt for oss på det første bildet, men det er altså ein meining bak det. Vi fekk alle på gården i oppgave å velge oss ut eit platecover vi likte, som vi så skulle gjenskape. Silya valgte David Bowie (as you can see), og vi andre blei pent antrukket som bandet hennas. Vi såg ikkje kloke ut, men ekstremt morro!

I morgon er det altså denne dama sin dag på “Hver Gang Vi Møtes”. Silya er i toppsjiktet av dei finaste menneskene eg har møtt. Eg kjente ho ikkje fra før, og tenkte vel i utgangspunktet at vi var ganske så ulike. Og ja, på noken måtar er vi det, men eg trur vi begge blei overraska over kor like vi også var.

Og som eg lo. Silya er eit fyrverkeri, eit levande sirkus. Fra kl 06:30 om morgonen da vi satt i sminken- var kjeften i gang, og eg elska det! Just my kind of girl. Innimellom blei ho sliten av seg sjølv. Eg blei aldri sliten av ho- tvert imot. Denne dama gir energi i bøtter og spann!

Eg gledar meg slik til å sjå hennas episode i morgon. Eg kan love at ho byr på ein historie og eit liv utenom det vanlige. Også var det fantastisk å få tolke ein av låtane hannas. FOR EI DAME!

Musikktips er alltid noke eg jaktar på, og elskar å oppdage nye låtar og artistar- gamle som nye. Eg held meg alltid oppdatert på det nye som kjem, musikk er viktig for mange, og for meg setter det stemning i kvardagen. Eg har alltid noken favorittar eg vender tilbake til, som eg veit er bankers og som gjer meg glad. I denne mørke vintertiden er musikk viktigare enn noken gang, det gir meg energi og lyst til å møte kvardagen. Eg spelar aller mest musikk i bilen, men óg på trening, på badet, på fest og av og til skrur vi av fjernsynet her i huset, og setter på ei speleliste. Det er faktisk noken av dei finaste stundene. Hugs levande lys og enten eit glas vin eller ein kopp te- alt etter som.

Dette er musikken eg høyrer mest på akkurat no:

Filthy- Justin Timberlake

Finesse (Remix)- Bruno Mars, Cardi B

Rett i Foret- Karpe Diem

Disco Tits- Tove Lo

Riding Shotgun- Kygo, Oliver Nelson, Bonnie McKee

Sleep Talking- Charlotte Lawrence

Oceans- JCY, Matilda

Regina Spektor- Better

Niki & The Dove- So Much It Hurts

Bertine Zetlitz & Prepple Houmb- Sett at vi sier det sånn

Blåmandag. Skikkelig punga. Eg trengte denne dagen til å lade batteria, for helga har vore full av spenning rundt premieren på Hver Gang Vi Møtes. Men for ei fin helg det har vore, og eg er så letta og glad for at programmet endelig er i gang. Vi feira med Alex Sushi og champagne i lag med Tale og Jens. Reaksjonane på sendingen har vore så fine- takk for alle tilbakemeldingar. Og ikkje minst, programmet blei sett av over 600 000, noke som er heilt kanon. Beste resultatet for Hver Gang Vi Møtes på mange år. GØY!

Det var ekstremt morro å covre Madcon sin “Don´t worry”, men det skal óg vere sagt at eg var grisenervøs. I tillegg var eg sist ut til å opptre denne første kvelden… Nervene kom seg heldigvis betraktelig utover veka vi var på gården. Høyr låta her

No kan eg senke skuldrane, og fokusere litt på andre ting, blant anna Dailystory og ny musikk. Det er spennande tider i vente.

Har forresten fått ein del spørsmål om kor denne svarte blazeren er fra. Den kjøpte eg på salg i Los Angeles for eit år sidan, er fra eit merke som heiter Misha.

The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.