The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.

Så var vi komme til siste innspurt av Hver gang vi møtes, sjarmøretappen – som Tor Endresen skal stå for. Ein verdig og fin avslutning. Eg kjente ikkje Tor fra før, men lettare mann å bli kjent med trur eg ikkje finns. Tor var ein av dei eg blei aller best kjent med på gården, kanskje fordi både han, Hans Petter og meg alle hadde litt lakenskrekk. Vi syns rett og slett det var alt for hyggelig å sitte og prate, og var nesten alltid sist i seng.

Tor har ein historie om nesten alt, han er ein mann som har opplevd mykje, og er bereist og erfaren. Eg gledar meg til han skal bli hylla i morgon. Det fortjene han i aller høgste grad.

Dette er avslutningen, sett vekk ifra duett-programmet som skal gå allerede på søndag kl 20:00. Det føles rart når slike ting tar slutt. Eg har kjent på denne følelsen før; i Idol, Skal Vi Danse og Melodi Grand Prix… Det er like merkelig kvar gang, mest fordi eg kosar meg så voldsomt med dei ulike tinga, men også fordi eg går så knallhardt inn i det. Men eg skal leve på dette lenge. Denne opplevelsen har vore ein berikelse på mange måtar. Eg har fått utfordre meg sjølv, blitt bedre kjent med meg sjølv, kjent på nerver, glede og samhold. Trur jammen eg har blitt eit litt bedre menneske av å vere med på Hver Gang Vi Møtes.

Teksten fortsetter under bildene

 Sjå på han gode, fine mannen her da.

Vi skal heldigvis møtes “ein siste gang” alle sammen. Vi skal ut å ete ein bedre middag, sjå på klipp som aldri blei vist på tv, mimre og kose oss. Vi har blitt som ein liten familie, og den følelsen må vi prøve å ta med oss videre. Veldig glad i desse folka.

Eg var opptatt lørdag kveld, og fekk ikkje sett sendinga av Hver Gang Vi Møtes før seint på natta. Eg var alt for nysgjerrig til å klare å vente til dagen etter. Nysgjerrig fordi meldingar hadde tikka inn ein etter ein tidlegare på kvelden, responsen var jo heilt vill! Og ikkje minst var det veldig hyggelig med terningkast 5 både i VG og Dagbladet.

Det blei ein tårevåt aften, noke eg var heilt uforberedt på denne kvelden. Det berre kom, som eit hardt slag! Eg blei veldig rørt av historien Claudia fortalte om seg og sin pappa, og at han for kort tid sidan gjekk vekk. Det satte i gang tankar i mitt eige hove, veldig fine tankar om min eigen pappa, men ikkje minst det at ein gjerne tar ting litt for gitt. Og eg er livredd for å miste folk eg er glad i. Eg måtte pause heile produksjonen i sikkert 10-15 minutt, for eg måtte tømme tårekanalane på do i fred og ro. Godt dei fekk klipt ned grineseansen min litt iallfall.

“A Picture Of My Dad and I” er muligens noke av det ærligaste eg har gjort. Kvart einaste ord i teksten betyr så masse, og det føltes veldig godt å kunne by på seg sjølv på denne måten. Også var det fantastisk å få gjere country, litt Alison Krauss inspirert. Eg elska det! Kanskje eg endelig skal høyre på pappa og lage ei country-plate. Det var jo tross alt der eg starta. Pappaer har ofte rett, er det ikkje slik?

Teksten fortsetter under bildet

Det blei ein veldig fin dag, og det var godt å senke skuldrane etter opptredenen. For det skal eg sei, dei nervene vi alle bar på kvar einaste dag på gården var ganske heftige. Litt rart egentlig, fordi alle ville jo kvarandre berre godt, og gruppa var så fin og trygg. Nerver altså, vanskelig å kontrollere.

Neste helg er siste Hver Gang Vi Møtes. På lørdag er det Tor Endresen sin dag og allerede på søndag runda vi av med Duett-sending. Det blir litt rart. Antiklimaks, og ut av denne velkjente “bobla”. Skulle nesten ønske eg fekk oppleve alt ein gang til, så kjekt syns eg dette var. Kanskje eg skal spørre TV 2 om å få bli med på enda ein runde 😉

For eit eventyr!

Annonse

15. februar lanserar Vero Moda sin vårkolleksjon i alle deira butikkar, og eg er så heldig å få vere frontfigur enda ein gang! Denne kolleksjonen er så steikandes fin, full av fargar og print, samt det meir androgyne. Eg blei så glad da eg fekk sjå desse plagga, og eg gledar meg skikkelig til dei kjem i butikk. Eg er iallfall veldig klar for snart å legge vekk tjukke jakkar til fordel for lettare vårkle. Det skal bli så fint!

Ikkje minst gledar eg meg til å treffe flest mulig folk på Oslo City 14. februar kl 18:00-19:00, og 15. februar kjemme eg til Mosjøen for å besøke Vero Moda-butikken der fra kl 15:00-16:30.

Dette blir så kjekt! Håpar eg ser deg der!

Foto: Truls Qvale

I morgon er det fantastiske Christel sin dag på Hver Gang Vi Møtes! Ei jente som eg har blitt så glad i, og som eg beundra enormt mykje! Eg blei kjent med Christel for mange år sidan, vi debuterte cirka samtidig og var på P4 sin Vinterlyd Turné i lag. Men det var først på Vestre Kjærnes Gård eg skulle bli ordentlig kjent med ho.

Eg høyrte mykje på debutplata hennas, “Closing the Distance”, og elska den! I mine øyrer var det noko av det vakraste eg hadde høyrt, stemma hennas var magisk og det samme var låtane.

Sjølv om Christel kanskje ikkje HEILT har fått den oppmerksomheten ho fortjener, har ho gitt ut mange album, gjort fantastiske duettar og skrive dei nydeligaste låtar. Christel er så god! Eg er så glad for at ho endelig får skinne, både musikken hennar og ho – for det fortjene denne jenta så inderleg. Som ho sjølv seier i sin eigen episode, “Jeg tror jo at jeg har et mye større publikum enn jeg har nå, di bare vet det ikke.” Så sant!!

Ein tenker kanskje på Christel som den rolige jenta, men eg kan sei: Ho er nordlending og kan jammen by på dei saftigaste glosar. I love it!

Eg gledar meg til å synge ein av låtane hennar, og ikkje minst gledar eg meg til å oppleve dagen hennar ein gong til. Dette blir ein fin sending!

Christel og meg var ganske ivrige på selfiane den dagen vi skulle gjenskape ulike platecover. På første bildet er vi i bandet Ramones som var Claudia sitt cover, det andre David Bowie som Silya valgte og sist, men ikkje minst: Christel som Billie Holiday.

Å ha ei snart 4 år gammal jente i hus, er stort sett berre fryd og gammen. Men ei 4 år gammal jente veit ke ho vil og har sterke meiningar. I dag tidlig var ho ein stabeis. Alt var feil; skoa, jakken, sveisen, maten. You name it! Eg ser på klokka, veit at eg får mindre og mindre tid til å nå tannlegetimen min i byn, prøve og komme med kompromiss. Slike dagar… eg rive meg i håret.

Men eg veit jo at det er slik det er. Det er vel strengt tatt ikkje berre 4-åringar som kan stå opp på feil fot. Eg hadde ein liten klump i magen da eg leverte ho i barnehagen i dag. Ei stressa mor er heller ikkje noke særlig å skryte av.

Alt gjekk heldigvis fint. Eg fekk melding av barnehagetanta 10 minutt seinare, og da var Billie ved frokostbordet, tulla og tøysa, og vår litt skeive start på dagen var gløymt. Eg rakk tannlegetimen min, hadde null hull, og var ein blidfis da eg køyrte til trening.

Life as a mum. Det er ikkje berre berre alltid.

FOTO: Aleksander With

Dei siste to vekene har eg vore ein del på reisefot, til London og København. London på jobb for noko eg kjem til å skrive meir om her seinare, og København berre på hyggetur med Hedda. På slike turar dette alle rutiner vekk; kosthold, trening og søvn. På samma tid er det ganske digg. Trur vi alle treng å gi litt blaffen i rutiner av og til.

I dag er eg tilbake til normalen, ei god natt med søvn, trening og sunn mat. Det kjennes godt, for eg har vore heilt ute av alt dette den siste tida – truleg på grunn av forventningane rundt Hver Gang Vi Møtes. Rart korleis slike ting kan påvirke kroppen. Iallfall denne følelseskladden her.

Skjerpings og fokus! Neste veke er det full rulle med spennande jobbting, så her er det berre til å lade batteria.

The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.