The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.

Påsken er over, og eg har virkelig kobla av fra mail og data. Skikkelig deilig, men samvittigheten beit meg litt i rumpa i dag da eg såg alle mail som venta på meg. Noken gonger må ein berre ta heilt fri. Eller; heilt fri har eg jo ikkje hatt. Dei siste vekene har eg vore med på P4 sin Vinterlyd-turné der vi har besøkt mange av dei største byane i Norge, og vi avslutta med to konsertar på Hafjell no i påskehelga. Ein superkjekk turné med så mange fine artistar, og ikkje minst eit fantastisk (og stort) publikum.

Men altså; påsken! Alle er vel litt lei av bilde-spam på Instagram, men når vi nordmenn endelig får sjå sola att, så blir det slik. Det har vore heilt fantastisk, og eg har kosa meg stort med familie og venner. Første del av påsken var vi på hytta i Sogndal, og siste del blei som nemnt tilbragt på Hafjell. Sol, sol og atter sol. Langrenn, slalom, kos i solveggen og afterski. Rett og slett alt ein kan drømme om i påsken.

Teksten fortsetter under bildet

Vi kom heim igjen i går kveld, og eg bestemte meg allerede da for at dagen i dag skulle brukast godt. Ein kickstart etter ferien. Timane har gått fort, og eg har fått gjort ein heil haug. Vaska x antall maskiner meg kle, trent hos Annema, panta flasker, fylt opp kjøleskapet, svart på mail, og no; endelig eit innlegg på Dailystory igjen (det har latt vente på seg i ein litt travel tid).

Dei neste dagane er fylt med ein jobb eg skal fortelle meir om seinare! No må eg tilbake til grytene, det er fortsatt mykje som skal pakkast ut etter ein lang og fin påskeferie. 

Annonse

I skrivande stund sit eg på hytta, og det er så himla vakkert her! Masse snø og knallblå himmel. Denne plassen er noke av det beste eg kan tenke meg. Eg kosar meg grenselaust.

Hytta vår blei ferdig i fjor, men slike prosjekt blir jo aldri heilt ferdige, føles det som. Det er alltid ting som gjenstår, og ein av tinga for vår del er uteplassen. Den begynna så smått å ta form den óg, sjølv om det enda er ein del som gjenstår. Det vi har fått på plass er utemøblar- og det er skikkelig koselig. Akkurat no er det haugevis med snø her oppe, men om noken veker blir det igjen tid for å nyte gode timar på terrassen. Eg har valgt samme utemøblar på hytta som heime, fra SixBondStreet.no.

Rottingmøblar finns det mange variantar av, men akkurat desse syns eg er hakket finare enn dei aller fleste eg har sett. Bordet er av betong som ser ut som tre, og det er gode spisestolar med armlener og ei supefin sittegruppe med grå puter (eg skal jazze det opp med enda fleire puter til våren). Terrassen vår på hytta er over 100km2, pappa meinte den var ALT for stor, men med tre sitteavdelingane blei den faktisk ikkje for stor… Trur pappa er litt meir enig no (fedre likar å ha meiningar).

No slepp vi å sitte på golvet å ete mat, hurra! 😀

Teksten fortsetter under bildene

Desse bildene er tatt i høst før snøen kom. Eg gledar meg slik til å sette ut møblane igjen!

Eg køyrer konkurranse på Instagram i dag der du kan vinne Mountauk Lounge 3-ster med bord til, akkurat den eg har her på hytta.

Eg har vore veldig usikker på om eg skulle skrive dette innlegget. Om eg skulle tørre å skrive om min eigen kropp, og om mitt forhold til den. For det er så personlig. Og privat. Samtidig sit eg med tankar og erfaringar som andre kanskje kan ha nytte av. Som kanskje kan vere viktig. For noken.

Mitt kroppsfokus kom relativt seint, men det kom. Seint i forhold til slik eg ser det rundt omkring meg i dag, og som eg opplever som trist. Skikkelig trist.

Da eg var yngre, var eg aktiv både med fotball og handball, og trente omtrent kvar einaste dag. Med det kunne eg ete det eg ville. Og det gjorde eg! Eg hadde ingen fokus på korleis kroppen såg ut. Ikkje i det heile tatt! Og det er veldig glad for.

Men ting skulle forandre seg etterkvart. Da Idol-sirkuset starta, og eg flytta til Oslo, slutta eg med organisert idrett. Og på hotellet i hovedstaden besto middagen min som oftast av pølser, pommes frites og rød-Cola, etterfulgt av Sørlands Chips med dip til dessert. Møkkamat. Og ja, eg blei litt større, men eg dreit i det. Heilt til det ein dag kom ein kommentar; «Kanskje du skulle gått litt ned i vekt?».

Den kommentaren satt! Og for første gang begynte eg å tenke på korleis kroppen min såg ut. På grunn av ein jævla kommentar! Den gjekk veldig inn på meg, og eg blei brått veldig sjølvbevisst. Eg hugsar at eg ba bror min om å lage eit trening- og kostholdsopplegg for meg, med proteinpulver og faste rutiner. Dette skulle seinare bli ein besettelse.

Teksten fortsetter under bildet

I åra som fulgte økte eg treningsmengden drastisk. Eg åt riktignok bra med mat, men eg kunne ikkje få nok trening. Eg kunne få skikkelig dårlig samvittighet om eg ikkje trente minst 5 dagar i veka, og eg følte alltid at eg måtte vere på treningssenteret i halvannan time – minst. Eg kunne gjerne ta heile tre gruppetimar på rappen, for at eg skulle kunne gå fornøgd heim. Eg var jo glad i å trene, men etterkvart gjekk det fra å vere sunt til og bli alt for mykje!

For fire og eit halvt år sidan blei eg gravid. Og for første gang på mange år, kjente eg at kroppsfokuset slapp taket. Faktisk omfavna eg at vekta gjekk opp, fordi eg visste at det var slik det var og måtte vere. Eg elska det som skjedde inni meg! Eg skulle fostre opp eit barn, og eg ville gjere alt for at ho skulle ha det best mulig inni der. 16 kg gjekk eg opp under graviditeten. Og joda, eg følte meg litt tung på slutten, men eg hadde ikkje ein einaste vond følelse rundt det. Og dét var så deilig!

Dagen etter at eg fødde, følte eg meg som ein sylfide (noke eg på ingen måte var), men eg tenkte ikkje eit sekund på vekta. Det var heller ikkje noke mål for meg å gå fort ned igjen i vekt, for eg hadde noke så mykje viktigare å tenke på, den nydelige jenta mi.

Teksten fortsetter under bildet

Denne følelsen har heldigvis vedvart sidan da. Og det er eg utruleg glad for! Eg har aldri brydd meg mindre om korleis kroppen min ser ut, samtidig som eg heller aldri har følt meg så bra! Og er det ikkje nettopp slik, at om ein sluttar å stresse med kropp og utsjåande, så føler ein seg automatisk mykje bedre?

Eg er fortsatt opptatt av trening og kosthold, så absolutt! Men alt med måte. No trenar eg to gonger i veka, noken veker ikkje i det heile tatt. Øktene mine varar i 45 minutt. Det held i massevis for meg! Eg er opptatt av å leve sunt og vere i form, og eg merkar at trening er med på og styrke helsa mi og gi meg energi i kvardagen. Eg er fortsatt slank, og det er ikkje det at eg ikkje gjerne vil holde bakenden så stram som mulig, men i ein alder av snart 30 så merkar eg at tyngdekraften melder seg, og at kroppen forandrar seg. Det har komme noken cellulittar her og noken strekkmerker der. Men det er heilt normalt, og sånn det skal vere. Det er helt greit.

Eg er glad i kroppen min, og eg er glad i å kose meg. Og slik har eg tenkt at det skal fortsette. Og eg hadde så inderlig håpa at fleire jenter hadde klart å slappe meir av når det kommer til desse tinga. For det er ikkje så farlig, og det betyr ikkje så mykje. Det er jo ikkje dette livet dreiar seg om. Eg trur at det å senke skuldrane litt, gjer at ein faktisk ser bedre ut. Ein får ein annan ro, og ein annan utstråling. Så gi litt meir F, jenter! Det har eg heldigvis lært, og det er eg utrulig glad for. Men det tok litt tid.

Vær stolt av den du er, og gratulera så mykje med kvinnedagen, alle sammen!

Tone, snart 30 år

ALLE FOTO: Aleksander With

 

Reklame

Eg har vore eit døgn i Paris. Akkurat nok til å få med seg det aller viktigaste, nemlig lunsj og middag. Ok, eg skulle gjerne vore der litt lenger, sett litt meir og fått shoppa litt, men denne gangen var det ikkje rom for det. Eit døgn er da bedre enn ingenting.

Hedda og meg var der for å møte Holzweiler-gjengen som har showroom der no under Fashion Week. Denne gjengen har eg kjent i mange år, og det er så kjekt å følge dei på vegen som no har leda til ein fantastisk suksess. Vi måtte sprette champagnen da enda eit bilde av Gigi Hadid påkledd i deira kle vart posta på nettet. Så stas da!

Teksten fortsetter under bildet

Lunsjen åt vi på ein veldig kul plass kalla Grazie. Eg åt blekksprut i spicy tomatsaus – eg ELSKA blekksprut! Og selvfølgelig ein fransk øl. NAM! 

På kvelden var vi på enda ein herlig restaurant, Derrière, før vi avlsutta med drinka og kaviar på Caviar Caspia. Vi budde på eit nydelig fransk hotell, Le Pavillon de la Reine.

Så var det heim igjen i går til minusgrader og snø. Litt slitne, men veldig glade for eit veldig fint døgn i vakre Paris. Eg må snart tilbake, kjenner eg. For ein by, og ikkje minst så deilig med litt vårstemning! Det lengtar eg slik etter no. Kanskje eg skal reise dit med Markus på bursdagstur… Eg blir jo snart 30 år!

Reklame

Da eg skulle pakke koffertane til Hver Gang Vi Møtes måtte eg få hjelp. Vi snakka tross alt meir enn ein koffert! 16 antrekk, to til kvar dag, lunsj og middag, samt kle til andre anledningar. Eg blir i utgangspunktet sveitt av tanken på pakking, så for meg var det heilt gull at Line Langmo hjalp meg. Ho brukar å vere ein reddande engel når det kjem til slikt, og så flink da gitt.

Teksten fortsetter under bildet

Jumpsuit fra Camilla Stenberg, jakke fra Zara, sko fra Superga

Eg har fått mange spørsmål om kor dei ulike antrekka er fra, så her kjem ein oversikt (varierande kvalitet på bilda da det det er screenshots fra skjermen).

Hver Gang Vi Møtes blei spelt inn i fjor sommar, så mange av antrekka er truleg ikkje i butikk lenger, men verdt ein sjekk – kanskje noke til og med er på tilbud.

Denne røde joggedressen er fra Ganni. Eg veit dei har ein tilsvarande i blå i butikk akkurat no.

Denne dressjakka/kjolen kjøpte eg i LA på salg for eit år sidan. Merket heiter Misha. Skoa er fra Saint Laurent

Burgunder topp fra Ganni og skinnbukse fra Vanessa Rudjord x byMagMalou.

Kjole fra Ravn og Skinnjakke fra Designers Remix.

Favorittkjolen!!! Denne ELSKA eg, og skulle gjerne ønske den hang i skapet mitt alltid. Heldigvis henge den i Line Langmo sitt skap, så eg får låne den når eg vil. Den er fra &otherstories (som er ein fantastisk fin butikk).

Jakke fra Holzweiler og jumpsuit fra MagMalou

Joggedress fra Designers Remix. Digga å pynte opp ein joggedress med høge helar. 

Enda ein liten favoritt. Denne kjolen er fra Ganni.

Enda ein kjole fra Ganni og belte fra B-low The Belt

Kvitt antrekk fra Designers Remix.

Bubblegum-kjolen fra Ganni. Den er jo berre nusselig. 

Gulljakke og t-skjorte fra Designers Remix, skinnbukse fra Vanessa Rudjord x byMagMalou.

Skjortekjole fra Designers Remix, belte fra B-low The Belt

Flower power fra Katherina Loretta

Bluse fra Designers Remix, skinnbukse fra Vanessa Rudjord x byMagMalou

Blomstrete bluse og bukse fra Ganni.

Antrekka er ikkje sponsa, kun lånt for anledningen. Eg har heller ikkje fått betalt for å skrive dette innlegget. 

Eg er atter ein gang i ekstase over tilbakemeldingane etter gårsdagens Hver Gang Vi Møtes! Eg fekk æren av å avslutte Tor sin dag med ein nedstrippa versjon av “Ingen er så nydelig som du”. Eg trives veldig godt i dette formatet, berre meg og piano. I tillegg er jo låta så fin, og den betyr mykje for Tor. Den betyr mykje for mange, meg inkludert.

Og så var vi nesten heilt i mål, berre eit siste program gjenstår. I kveld er det duett-kveld, og det blir veldig kjekt. Dette blei eg aften med senka skuldra, alle pusta letta ut etter noken intense innspelingsdagar, og selfølgelig ein følelse av at ting hadde gått bra.

Eg er stolt av å ha fått vere med på dette fantastiske programmet, og mest av alt av å få være i lag med denne nydelige gjengen som eg har blitt så steikande glad i. I kveld trur eg at eg må sprette champagnen, og glede meg over alt som har skjedd dei siste to månadane.

Takk for responsen fra alle der ute! Eg får ikkje sagt det nok; eg er så glad for det, og teke det til meg. Og det skal vi  alle hugse på:

Viss du har fine tankar om noken, er det noken som fortjener oppmerksomhet og skryt; send ein liten melding! For sjølv om ein kanskje tenker at vedkommande ikkje bryr seg eller trenger det, så er det feil. ALLE treng gode ord. Det gir glede og motivasjon!

Huks å sjå på TV 2 i kveld kl. 20.00!

 

The current query has no posts. Please make sure you have published items matching your query.