Annonse


 

For ein hyggelig dag det var i går! Det er jo alltid kjekt å komma til Halden og Allsang på Grensen, men må sei det var ekstra kjekt denna gangen når gjengen fra “Hver gang vi møtes var der”.

I tillegg hadde eg med meg drømmeteamet mitt som sminka og ordna håret mitt. Tusen takk til verdens beste AG og Henrikke. Har du forresten fått med deg at dei har starta ny salong? Sjekk ut sjappavaar på instagram.
 
 
 

I dag e eg i København med Vero Moda. Alltid inspirerande å ver her – spesielt når det er Fashion Week.

No e det litt over ei veke til eg reise på innspelingen av Love Island. Det blir så kjekt! E det noke du lure på om Love Island? Spør meg da vel 🙂

Hugs å sjå på Allsang i kveld på TV 2 klokka 20:00! 

Reklame

 Første kvardag etter ein månad med sommarferie, og det føles veldig bra. Eg gledar meg alltid til å starte med blanke ark og masse energi. Riktig nok så begynna kvardagen litt rolig. Akkurat no har eg heimekontor fra øya der vi tenker å bu ut veka. Det er så behagelig her, berre 10 min fra byen, men likevel så fredelig.

Ferien har vore fantastisk fin, selvfølgelig har det fine været spelt ein rolle, men aller mest kvalitetstiden med familien. Lange dagar, noken meir innholdsrike enn andre, alt etter det som har føltes riktig der og da.

Sommaren er jo ikkje slutt, men dei late dagane har eg lagt bak meg. Den neste tiden for meg blir alt anna enn rolig. Denne veka skal eg bruke til å forberede til “Allsang på Grensen” som er neste veke, konsert på Os som er 11.august og ikkje minst programledarjobben som eg snart skal ta fatt på. Kjente at pulsen steig litt berre eg skreiv det no. Eg gledar meg til alt, og ser fram til ein spennande høst!

Annonse

Hei Ernst! Hei Kristiansand! Vi er som nemt på norgesferie, og vårt første- og kanskje viktigaste stopp i følge Billie er Kristiansand og Dyreparken. Eg skjønnar jo det, Dyreparken er jo eit mekka for barn. Og eg skal med glede innrømme at eg syns det var ganske så morsomt sjølv.

 

Vi kunne valgt å bu i sjølve Dyreparken, men eg tenkte at når ein først er i Kristiansand-området, ville eg gjerne oppleve litt av den fantastiske byen i samma slengen. Så vi booka rom på Clarion Hotel Ernst– der eg har budd mange gonger før.

Der veit eg at eg trives, at ein får topp service og ikkje minst er det eit veldig fint hotell. Eg har tidligare kun budd der i jobbsammenheng, så for meg var det første gong med familie. Skal sei vi blei ivaretatt.

På rommet sto det champagne til mor og far, og lillemor fekk store auge da ho såg godteskåla som var satt fram.

Vi bestilte frokost på senga, det er noke av det beste eg kan tenke meg ved å bu på hotell. Joda, ein kan sjølvsagt ta heisen ned å forsyne seg av deilig frokostbuffet, men det er noke med å sitte i morgenkåpa og nyte frokosten i fred og ro- I SENGA!

Ellers så tusla vi ned til brygga, åt blåskjell, østers og masse is. Eg syns Kristiansand er ein nydelig by, så mange glade sørlendingar og ikkje minst var vi heldige med strålande fint vær. 

Eg skulle gjerne blitt eit par dagar til for å få med meg Palmesus, men det får bli ein anna gong uten barn. Uansett er familieferie det beste som finns.

 Det er ikke uten grunn du er utvalgt til vårt «crush». Du ser alltid så sinnsykt bra ut! Hva er din morgenrutine, og hvor lang tid bruker du på badet?

Det første eg gjer er å ta ein varm dusj, eg vaska håret kvar einaste dag (føler at eg ikkje våkna skikkelig uten og ha heile skallen dynka i vatn). Eg rensar huden godt før eg kliner på hudprodukt. Sminken og resten av stellet gjer eg etter at eg har levert i barnehagen. Eg likar å stå i fred og ro framfor speggelen! Brukar omtrent 30 min på hår og sminke; kompaktpudder, solpudder, rouge, bryn og mascara. Håret fønar eg lett berre for at eg det ikkje skal bli for “fluffy”

Vi må få et bilde, har du en bra selfie?

…også må vi få en dårlig selfie!

Hva er din favorittduft?
På sommaren brukar eg Sud Pacifique- Aqua Muto. Luktar saltvatn og krydder. På vinteren investera eg i ein litt tyngre variant fra Pro Fumum Roma fra Gimle Parfymeri, men det svir i lommeboka- riktig nok så vara den kjempelenge.

Hva vil du helst at mannen din skal lukte?
Eg elskar dei morgonane der han står opp først, kjem inn nydusja på soverommet og luktar Tom Ford- Black Orchid og vekker meg med eit kyss.

Hva hører du på akkurat nå?
Spelelista mi er lang, men noken av låtane eg har “dilla” på er; Bernhoft, The Fashion Bruises- California, Highasakite- Elastic State of Mind, Disclosure- Ultimatum

Hva ser du på akkurat nå?
Fotball VM! Det blir ellers lite tv på sommaren. Prioritera heller å sitte ute på kveldane.

Take-away eller hjemmelaget?
50/50. Eg elskar å lage god mat, iallfall dei dagane eg har god tid og planlagt ein god middag. Gjerne med musikk og eit glas vin til. Eg er veldig svak for sushi take-away eller Thai.

Hvilke 5 ting må du alltid ha i kjøleskapet?
Ferskpressa appelsinjuice, god & mager salami, kvitost, majones & agurk,

Hva er din guilty pleasure?
Tortilla chips med salsa dip (Pace- hot!)

Hva er det mest dramatiske du har opplevd i livet ditt?
Ein kjem vel ikkje unna fødsel der. Det var dramatisk, men aller mest vakkert!

Hva får deg til å gråte?
Etter at eg blei mor grine eg av alt og ingenting. Veldig rart å kjenne på, for slik var det slettes ikkje før. Eg klarar ikkje lese nyheter der det har skjedd fæle ting med barn, da får eg vondt i heile meg. Eg må rett og slett berre la være.

Når gråt du sist?
I bryllup forrige helg. Rørt av fine talar og eit lykkelig brudepar. Eg skulle synge rett etter brudgommen sin tale, og det var ein prøvelse. Eg grein allerede på lydprøven, så for meg var det utfordrande. Det gjekk heldigvis fint, og eg kom meg gjennom uten ei tåre (men eg kunne ikkje sjå på brudeparet, da hadde eg knekt fullstendig)

Hvilket råd ville du gitt til deg selv som 15-åring?
Drit i ke andre måtte meine om deg. Dette rådet gir eg fremdeles til meg sjølv kvar einaste dag.

Har du hatt en stor drøm helt siden du var liten – som du ennå håper å oppnå?
Drømmen min har blitt oppfylt ved å bli artist, men drømmen fortsetter jo- eg vil drive med dette resten av mitt liv, og da må det jobbast. Ellers drømmer eg om å få bygge huset mitt snart 😉

Hva er den største tabben du har gjort?
Da eg låste meg ute av hotellrommet i Miami kliss naken og måtte ta heisen ned i resepsjonen for å få hjelp.

Angrer du på noe i livet ditt, og om hva, hva ville du gjort annerledes?
Livet er for kort til å angre på ting. Eg syns ting har ordna seg fint!

Hvilken side ved deg tror du ville overrasket andre mest?
Eg er eit sovedyr! Optimalt sett kunne eg trengt like mykje søvn som dattera mi på 4 år. Det får eg jo ikkje til, da eg samtidig sliter med å legge meg på kvelden. “Berre ein episode til”. Eg kan riktig nok sovne når som helst og kor som helst.

Tre mennesker, død eller levende du helst ville spist middag med?
Zlatan, Morten Ramm & Jimmy Fallon.

Hva hadde dere snakket om?
Vi hadde først og fremst ledd oss ihjel!! Iallfall eg.

Hva hadde du servert?
Sushi!

Hva bestiller du i baren?
Hendrick´ s & Tonic med agurk og pepper.

Hvem fikk du din siste SMS fra?
Line Langmo.

Hva stod det i den?
“Sorry alt maset, men er utenfor hos deg, og flyet mitt går om 3 timer”.
Ho skulle plukke opp styling hos meg, og eg hadde telefonen på lydløs. Typisk meg…

Hvilket ord ville du brukt dersom du skulle beskrevet deg selv med ett ord?Følsom, snill og distré.

Hvem er ditt største forbilde, og hvem inspireres du av?
Eg har mange musikalske forbilder, og den største av dei alle er Alison Krauss. Country i mitt hjerte! Også syns eg Ina Wroldsen er rå både som sangar og låtskrivar.

Hvor er det fineste stedet du noen gang har besøkt?
River No 2 i Sierra Leone. Etter å ha opplevd all elendigheten i landet, var det fantastisk å komme til ei milelang, forlatt strand. Vi sov ute på den kvite sanden med kun myggnetting over oss! Magisk!

Hvor går ditt neste reisemål?
Akkurat no er eg på Norgesferie med familien, neste destinasjon er Sogndal. Til høsten flyttar eg til Gran Canaria i to månadar for å vere programledar.

Når alt er over – hvordan håper du at du vil bli husket?
Eg håpar eg vil bli hugsa som eit godt menneske med eit smil om munnen.

Ditt beste råd til oss i Dailystory?
Jobb beinhardt, og ha det gøy!

 

Sommarferien er i gang, og herlige land så deilig det er! Det har vore stille fra meg ei stund, og det er rett og slett fordi at juni var ganske crazy banana med jobb, derfor smaka denne ferien bedre enn noken sinne. 

 

Vi skal feriere 4 veker i Norge, noke som for oss nesten har blitt tradisjon. Eg treng ikkje reise til utlandet når Norge er på sitt vakraste, dessuten er det så mykje fint å oppleve her.

Ferien starta med to dagar i Kristiansand, no er vi på Bømlo og skal etter det køyre til Sogndal. Det blir ein del mil på vegen, men eg syns bilferie er heilt topp. Billie har blitt såpass stor no at det går heilt fint. Det vil sei; allerede da vi var komme til Sandvika spurte ho om vi snart var framme- så ein del slike spørsmål blir repetert titt og ofte. Haha, litt sliten i pappen er ein etter mange timar i bil.

Vi har vore på Bømlo i ei natt no, og det er magisk. Søster og hennas mann har bygd to superfine naust ved vatnet, og det å våkne opp til frisk vestlandsluft og sjå ut på glitrande vatn, det er terapi i seg sjølv.

Her finns det ikkje stress. Akkurat no er alle ute på båttur mens eg sitter i fred og ro inne i naustet. Eg har opna meg ein Corona og kosa meg verre. Eg elskar å sitte framfor mac´en når ingenting henger over meg, ingen som spør om noke, berre meg og mitt.

Snart kjem gjengen heim fra båttur, så no skal eg gå ut å nyte eit par solstrålar før eg må sprette rundt å vere mamma.

Håpar alle nyter sommar og sol!

Annonse

Dei fleste eg kjenner er flinke til å beskytte huden sin i sola, men er folk like flinke til å beskytte håret? No er det vel ikkje akkurat fare for sjukdom relatert til hår, men at det blir skada og slitt av sterk sol, det er allmennkunnskap. Så får ein vel vurdere viktigheiten av det sjølv, men eg er iallfall opptatt av å bevare håret mitt så sunt og fint som mulig.

Eg har tidligare skrive om System Professional og deira skreddarsydde hårserie (start din test her). Eg skreiv også at i løpet av året ville min “hårkode” forandre seg da håret treng ulik behandling avhengig av årstid. No er det nettopp eit slikt skifte, sommar og sterk sol. I skrivande stund er eg i Spania, og da har eg skifta ut dei vanlige produkta mine med solserien til System Professional “Solar”. Shampoo, balsam, ein beskyttande spray som eg alltid har i strandbagen, og ein olje til tuppane.

Eg har heilt sidan ungdomsskulen brukt solprodukt til håret på sommaren. I og med at håret mitt blir ganske fort slitt, så er eg ekstra opptatt av å pleie det på best mulig måte. Godt luktar dei óg! 🙂

Heia sunt og sterkt hår!!