Første dag på sett er unnagjort, og det føles veldig bra! Det var ein ganske lang dag i går, ikkje minst ein ekstremt varm dag. Å sitte i finstasen med full sminke i over 30 grader er beinhardt. Ganske klamt under all staffasjen, kan du sei.

Men så innmari kjekt det var, og spennande. Eg har jo som nemnt ikkje vore særlig nervøs før dette, men i det eg skulle ta i mot deltakarane i går kjente eg at pulsen steig! Egentlig ein ganske digg følelse, litt nerver er alltid bra.


No sitter eg klar med nyrensa hud og blautt hår, klar for enda ein dag i sminkestolen til Irene. Irene og AG skal bytte på å vere her nede. Så glad for å ha desse jentene med på laget, dei flinkaste av dei flinke, spør du meg!


Billie storkosar seg i Spania. Leggerutinene har sklidd litt ut, men ho søve lenge om morgonane og slik får det berre vere. Eg syns tiden vi har i lag etter jobb er ekstremt verdifull, så da får det berre bli slik. Når Markus reise heim i morgo blir det nok ikkje så mykje restaurantliv på kveldstid, så da får vi prøve å vende tilbake til rutinene.

God helg til alle! 🙂

 No sitter eg nydusja og klar for å bli henta og transportert til villaen der vi skal ha første innspelingsdag av Love Island. Eg er veldig spent på å møte deltakarane, spent på deiras reaksjonar og ikkje minst mine eigne. Dette blir min første dag på jobb som programledar! Og slik blir dei neste 6 vekene, for ei reise dette blir! 

Ellers så kosar vi oss i Las Palmas. Eg begynnar å bli kjent i området der eg bur, og eg likar det bedre og bedre. Markus reiser heim på søndag, noke eg gruar meg til. Prøver å nyte kvart sekund av tiden vi har i lag her.

I går var vi på ein veldig hyggelig restaurant som heite Manso som ligg på ein takterrasse i gamlebyen her vi bur. Deilig mat og fantastisk atmosfære. Eg ser at noken har lagt igjen GranCa-tips i kommentarfeltet- tusen takk, eg tek i mot så mange tips som mulig 🙂  

Da er bilen min utanfor! Ønsker alle ein strålande dag.

Tone

 Vi har hatt dei første nettet på i Las Palmas. Omsider begynna det å gå opp for meg at eg skal vere her lenge, og det er ein ganske sprø følelse. Eg trur eg kjemme til å trives godt, og arbeidsplassen er fantastisk! I går var første dag på jobb der vi spelte inn ein liten promo og møtte pressen for å prate om det kommande programmet.

Las Palmas er visst nok kjent for å vere ein god del overskya, og det fekk eg merke i går at kan vere ganske skummelt. Alt av hud som ikkje var dekka med kle fekk seg ein real solstøyt, og eg var rimelig svidd etter endt dag. Skal passe på å bruke godt med solkrem framover- sola er sterk her nede!  


I går var vi ute på restaurant heile gjengen. AG, Markus, Billie, Sebastian som jobba på Love Island og meg. Vi åt på ein fantastisk liten plass som heite “La Barra” der dei serverte gourmet tapas. Trur eg må ha fast bord der minst ein gang i veka.


I dag er det fri, og vi skal bruke dagen på å bli meir kjent med byen og øya. Tenker at vi skal køyre sørover å finne ei fin strand. Må utnytte dagane no mens Markus er her, for snart reiser han heim for å jobbe. Det gruar eg meg til, for no skal vi vere lenge vekke fra kvarandre, det blir heilt nytt for oss. Kjemme til å savne han veldig!! Heldigvis skal Billie vere her hos meg.

Håpar folk har det fint heime i Norge med jobb og skulestart! Eg gledar meg til å oppdatere meir fra Gran Canaria og jobben eg skal gjere her. Gledar meg! 🙂

Annonse

Kor hyggelig er det ikkje å sjå tilbake på fine ferieminner? Det er viktig å ta vare på dei, ein forbinder jo gjerne ferie med noke veldig hyggelig. Før var det meir naturlig å lage fotoalbum fordi eg framkalla bildene – no blir dei ofte liggande på dataen eller på ein minnedisk som ein sjeldent ser på.

Heilt sidan Billie kom til verden har eg vore relativt flink. Ein gang i året lagar eg fotobok som eg gir til besteforeldrene til jul, og det er i følge dei den finaste gaven dei kan få. I år har eg steppa opp enda eit hakk og laga fotobok fra sommarferien vår som vi tilbrakte i Spania, Dyreparken i Kristiansand, Bømlo, Sogndal og Gåsøya. Ein ting er at det er minner for meg, men enda viktigare er minnene som eg vil at Billie skal ta med seg videre.

På Fotoknudsen.no er det kjempelett å lage fotobok, og for meg er det alfa omega – ellers blir det ikkje til at eg gjer det. Eg samla først alle bildene eg vil ha med i ei mappe på skrivebordet, deretter lasta eg mappa til minnebanken som er bildelagringstjenesten til Fotoknudsen.no (der ligg dei heilt trygt og gratis lagra). Så var det berre til å plotte inn bildene der eg ville ha dei i fotoboka. Ein kan óg gjere dette enkelt på mobilen med Fotoknudsen sin produktapp.

Akkurat no får du 40% rabatt på fotobok fra fotoknudsen viss du bruka rabattkoden: TONEBOK

Rabattkoden er gyldig til og med 29. august.

Lag di eiga fotobok her. Det kan du gjer enkelt både på mobil og data.

Eg brukar å sette av god tid når eg lagar fotobok. Eg kosar meg med dette på kveldstid når Billie har lagt seg og det er fred og ro i heimen. Eg plukkar ut dei finaste og mest stemningsfulle bildene og er nøyen med korleis eg plasserar dei i fotoboka. Det er og veldig hyggelig å legge til tekst under bildene.

Billie elskar å sjå i desse bøkene, fra da ho blei fødd, fra den første bursdagen sin, da ho lærte og gå etc. Gode minner som eg er glad for at eg har samla i bøker kvart einaste år

Oh my God! Gran Canaria nærma seg med stormskritt. På lørdag skal eg lene meg godt tilbake i flysetet og kjenne på alle følelsane rundt det eg skal gjere den neste tiden. Eg får stadig spørsmål om eg e nervøs for å bli programledar, da er svaret nei. Enn så lenge har eg ingen nerver, men det er kanskje fordi eg ikkje heilt veit ke eg skal vere nervøs for. Eg har jo aldri gjort dette før! 😀

Eg har riktig nok forberedt meg godt. Den siste tiden har eg drive med programledartrening, og det har vore ekstremt lærerikt. Ikkje det at eg trudde det skulle vere piece of cake å tre inn ein slik rolle, men at det var så mykje å sette seg inn i og hugse på- det ante eg ikkje. Alt i fra kroppsholdning, korleis tre inn og ut av bilde, stemmebruk, tempo å snakke i- og temposkifte i tekst, analyse av tekst, intervju-oppbygging… Ja, you get it. Det er MYKJE greier! Eg tenker likevel slik; eg tar med meg så mykje kunnskap som mulig ned til Gran Canaria, så får vegen bli til mens eg går. Eg vil tru dei første sendingane vil vere fulle av spenning og nerver, men at eg kjem inn i tralten etterkvart. Uansett, eg gledar meg SÅ masse! 🙂

Det har vore noken hektiske veker etter sommarferien. Dette fordi eg har vore nødt til få unna alt før eg reiser, skal jo vere vekke i nesten to månader. Fotoshootar, studio med ny låt, Allsang på Grensen, konsert på Os, København og Fashion Week, møter og mykje meir. Eg har vore nødt til å ta ein dag av gangen, ellers hadde eg lagt meg med harehjerte kvar einaste kveld. Det kokar litt, kan du sei. No begynnar snart pakkeprosessen. Eg blir kvalm berre eg tenker på det. HATAR å pakke- og korleis skal ein pakke til ein så lang periode i Spania?! Eg trur eg må få søster til å komme og hjelpe meg. Her er eg skikkelig dårlig… Må jo pakke til Billie i tillegg.

Ser fram til lørdag når eg er på veg til Gardermoen og ALT er klart! For det blir jo det til slutt! 

Foto: Anton Soggiu 

 Det e søndag og det begynna å bli litt meir høst ute. Ke e vel bedre da enn å legga seg godt ned i sofaen og sjå på ein god TV serie? Her er mine favoritta om dagen. Eg tar gjerne i mot gode tips på andre seria fra dikka 🙂

1. Billions
2. House of Cards
3. Big Little Lies
4. Helene sjekker inn
5. Stranger Things
6. Sons of Anarchy
7. Broen
8. Gåsmamman
9. Grey Zone
10. Love Island – begynna på TV snart 🙂

Ha ein fin kveld!