Reklame

Det er helg igjen, eg har pakka bagen og skal snart vende snuten mot Gardermoen og ende opp i Bergen. I kveld skal eg på middag med Vero Moda-teamet, før eg i morgon skal møte shoppeglade folk på Torgallmenningen. Alltid kjekt med Bergen! Det blir spennande å sjå korleis kolleksjonen blir tatt i mot. Responsen i forkant har iallfall vore fantastisk- og det gjer meg jo veldig glad.

 
 

I kveld er det óg premiere på Senkveld på TV2 kl 22:15, der eg og dei andre som er deltakarar på Camp Senkveld stiller i studio. Første episode av campen blir selvfølgelig vist. Eg er rimelig spent på resultatet. Trur det blir veldig gøy! Iallfall hadde vi det sabla morsomt under innspeling.

 

Foto: Magnus Westerlund

Sjølv om eg skal jobbe litt denne helga, så er fortsatt helgefølelsen magisk. Desse bildene tatt på bardisken på Torggata Botaniske gjer at eg får lyst å svinge meg ute. Og jammen får eg ikkje muligheten til det på lørdag! God mat, drikke og fine folk. Hoftene er varma opp og rockefoten er klar. Dette skal bli ei nydelig helg! I tillegg avsluttast helga med morsdag på søndag. Drømmehelg.

Skal du noke gøy i helga? 🙂

Annonse

Det er så deilig at vi går ein lysare tid i møte. Sjølv om det fortsatt er vinter og snø, så   er det godt å vere i gang med Februar. Det er da ikkje så lenge til våren er her… Eg skal i desse dagar fronte Vero Moda sin vårkolleksjon. Første dropp er i butikk allerede 12. februar! Det skal bli så vanvittig digg å kle seg i vårkle snart, og ingenting er så inspirerande som å fylle garderoben med noken nye skattar. Eg diggar denne kolleksjonen, elskar fargepaletten og bildene som har eit solkyssa preg. Gi meg sol og glød, så er eg happy!

Eg gler meg skikkelig til lansering, og i den forbindelse kjem eg til Bergen førstkommende lørdag på Torgallmenningen kl 11:00! Håpar å sjå mange shoppeglade jenter (og gutar for så vidt). Det blir mange gode tilbud og god kok, så vær tidlig ute!

Nedanfor ser di eit utvalg av kolleksjonen som snart blir slept. og mine tankar rundt plagga. Kom gjerne med kommentarar eller spørsmål! 

Eit heiltkvitt antrekk er aldri feil, og denne jakken i kordfløyel er bankers! 

My kind of dress! Fargekomboen er nydelig, blomsterprint og sløyfe i halsen. Eg har ein greie for sløyfer. Ikkje for kort, ikkje for lang. 

DENNE KJOLEN! Fargen er magisk, og denne kan ein dresse opp og ned som ein vil. Party eller kvardag. Her kan ein kneppe opp både oppe og nede for ein meir sexy look. Og superfin med jeans under! Ein av mine favorittar! 

Påkledd, men litt pynta. Tynn strikk og eit maxiskjørt som funkar til meste. Skjørtet har knyting i livet, som gjer at sitter akkurat der du vil! Styla med røffe støvlettar i dyreprint. I like it! 

Denne komboen kan eg takke Margrethe Gilboe for! Det er vågalt å køyre dyreprint både på kjole og sko, men herregud som eg diggar det. 

Foto: Renate Torseth/ Pudder Agency // Hår & Makeup: AG Starheim og Henrikke Rosland 

Reklame

For eit sirkus eg har fått lov til å vere ein del av. For ein vill opplevelse! Da eg fekk forespørselen om å bli med var eg litt i tvil. Eg er ikkje spesielt glad i vinter, lika ikkje kulde, dårlig på ski (generelt alt som har med vinteridrett å gjere). Så koffor da ende opp med å takke ja til Camp Senkveld og konkurrer mot “Vinterheltane” beståande av Daniel Franck, Kari Traa, Thomas Ulsrud, Morten Djupvik og Anette Sagen?!

Eg diggar Helene og Stian! Eg syns dei gjorde ein strålande første sesong med nye Senkveld. Dei er proppfulle av positiv energi, og det syns eg er så gøy å få vere ein liten del av! Eg kjenner jo Stian fra Idol-tiden da eg var dommar og han programledar, og det er ein fryd å få jobbe med han igjen. To solstrålar!

I tillegg har vi alle godt av å komme oss ut av komfortsona av og til, og for meg var dette i aller høgste grad det. Eg har fått bryna meg på så mykje forskjellig, så mykje galskap, men aller mest pur morro! Eg sitter att med ein haug av inntrykk og opplevelsar. Eg gler meg til å sjå resultatet som kjem kvar fredag utover våren på TV2.

Premiere på TV2 8.februar kl 22.15Team Senkveld.

Burgar til kveldsmat etter ein lang dag.

Påskeskirenn.

Her blir vi straffa. KRAFTIG! 

To tøtter som ikkje er veldig happy!

Vi leikar familie.

Pantomime og eit kaldt bad.

IT´S A WRAP! Det er alltid ein magisk følelse, men óg litt vemodig. Da var eventyret over, og alle skal kvar til sitt.

Premiere på TV2 8.februar kl 22.15

Reklame

Da eg var rundt 15 år fekk eg mi første bølgetang, og eg brukte den flittig. 13 år seinare har eg fått augene opp for den igjen, og eg elskar bølgene og strukturen den gir. Det skal vere tilfeldig, men likevel nøye planlagt.

I går stussa AG tuppane mine, det gjer vi ca kvar 6. veke. I samma slengen testa vi denne fantastiske bølgetanga fra “hh simonsen”. Den er superlett å bruke, og bølgene skal helst ikkje vere perfekte. AG brukar varmebeskyttande produkt i håret mitt fra Oribe før ho fønar det tørt (foundation mist og maximista). Det er ikkje til å stikke under ein stol at håret kan ta skade av for heftig bruk av varmetenger. Mitt hår får til tider gjennomgå.

teksten fortsetter under bildene

Så brukte ho “Anti Humidity Spray” før bruk av tanga. Bølgetanga treng ikkje vere veldig lenge på kvart punkt. “Klapp” lett og beveg nedover. Her må ein egentlig berre føle seg litt fram.

Etter bølgene har avkjølt seg spraya ho “Flash Form Finishing Spray” fra Oribe som gir litt hold samtidig som den gjer håret litt “trått”. Rufs til!! Her er det lov å ta så mykje ein måtte orke i håret, det blir berre finare og finare. Håret mitt er ganske glatt uten produkt i, så eg likar å peise på. Alle produkta får du kjøpt på den beste salongen; VAAR!

Desse bølgene får meg til å tenke på ein ung Britney Spears og Christina Aguilera. Eg hugsar fortsatt kor fine dei var! Og kor artig er det ikkje å dra fram gamle trender?! Eg elskar det! GO WAVES! 

//innlegget er merka med reklame da eg skriv om behandling som er sponsa, samt nevner produkta vi brukar//

Denne fredagen kom fort, ei særdeles kort veke. Fredag er dog aldri feil, det skal vere sikkert. I går fekk eg som planlagt gjennomført mi første treningsøkt i år, så eg håpar det var starten på ein sporty trend.


Det føltes iallfall heilt fantastisk deilig, sjølv om det var blytungt å springe 20 heftige intervallar. Heldigvis er det gjort på 1-2-3, og følelsen etterpå er ubetalelig. Berre til å komme seg over dørstokkmila og sette i gang! Er det stemning for treningstips her på Dailystory forresten? Og kom gjerne med andre ting di vil lese meir om.

Som nemnt begynnar eg ikkje jobbåret før neste veke, så i dag har planar om å ta det klinkandes med ro. Eg skal møte Hedda til lunsj og ta eit glas vin med ho, så helga har vel egentlig allerede kicka inn hos meg.

Nyt og ver glad! God helg! 😀

Skjorte: Ravn // Skjørt: & Other Stories // Veske: Chloé // Sunnies: Tom Ford

Ein ting er sol og varme i sydlige strøk, men steike så deilig det er når sola gløtta fram her heime. No sitter eg i stova mi, ser ut på sol og vinter, dagane blir lysare og lysare, og eg eg elska det. Billie har sin første dag i barnehagen etter ferien, og da er det deilig å kjenne litt på roen her heime. Eg trur mange foreldre, inkludert meg sjølv, kan kjenne på at det har vore mange dagar med aktivisering av dei små. Så hyggelig og kos, men eg føler innimellom at ein må hente seg inn etter ferie óg.Eg har heldigvis ei rolig første veke etter juleferien. Det er godt å gli forsiktig inn i kvardagen. Men snart brakar det laus med noke eg er veldig spent på… Dette skal eg veldig snart skrive meir om, men enn så lenge. Hemmelig, selvfølgelig!

God torsdag, fine lesarar.

Kjole: Designers Remix // Belte: Gucci // Veske: Chloé