Reklame

Min favorittmat, om eg et snop, korleis hudpleieprodukt eg brukar… For litt sidan hadde eg ein ny spørsmålsrunde på Instagram. Det er jo så kjekt at di er så nysgjerrige, og det er morro å dele med dikka. Her er ein oppsummering av det eg rakk å svare på (og litt meir utfyllande svar):

  • Hei Tone! Hvilke hudpleieprodukter bruker du i ansiktet? Eg har brukt litt forskjellig, og innimellom varierar eg. Eg er veldig glad i produkta til Zo Skin Health. Eg likar at det ikkje berre er “spaprodukt” men kremar som faktisk har virkning på huden. 
  • Hvor høy er du? Eg er 171 cm.
  • Hvor i Oslo vil du anbefale å ta shellac? På Beths Beauty hos Tina Mariasson. Ho helder til på CC Vest. Ellers så er det mange andre flinke på Beths óg.


  • Hvor er sandalene dine med nagler fra? Dødsfine sko! 🙂 Dei er fra Valentino. Eg fekk dei til bursdagen min for tre år sidan, og er fortsatt ekstremt glad i dei. 
  • Hvor er treningstøyet ditt fra? Det sorte settet? Det er fra NIKE kjøpt på Nike Store på Karl Johan.

  • NM i Dublin? YES!
  • Har du tatt microblading på brynene? Eller fyller du de i selv? 🙂 Ja, eg har tatt microblading, men følte ikkje heilt at det funka så bra på meg. Det eg likar er at “formen” er satt, så må eg fylle inn sjølv. Bryn er så vanskelig, samtidig så “viktig”, syns  eg. Det rammar inn ansiktet. Ein makeup-artist sa til meg ein gang; remember they´re not twins, they are sisters. Altså, dei treng ikkje prikk like! 

  • Hvordan holder du fine bryn så on fleek? Eg nappar dei sjølv, og av og til klipper eg dei litt, da mine bryn blir så sabla lange.
  • Hvor mange hull har du i ørene? Eg har fire i det eine og eit i det andre. 
  • Lurer veldig på hvordan håret ditt er når det er helt naturlig? Når du ikke føner/retter det 🙂 Håret mitt er veldig glatt/mjukt med fall i. Høyres bedre ut enn det faktisk er. Eg vil gjerne ha volum, så derfor brukar eg litt produkt i bunn og fønar, det gir hold og meir liv.
  • Når ser vi deg neste gang på tv? Kvar fredag heile våren med denne gjengen på Camp Senkveld på TV2!

  • Hva var den beste konkurransen på Camp Senkveld? Denne var iallfall den beste for meg 😉 Kan ikkje sei så mykje enda, men følte meg veldig på heimebane. Det er mange gøye konkurransar i vente.

  • Setter du sammen antrekkene dine selv? Line Langmo stylar meg når eg skal på ting og tang, men i kvardagen må eg (dessverre) fikse det sjølv. Skulle gjerne hatt ho heime hos meg kvar morgon 😉

  • Hva er din favorittveske? Dette er den nyaste veska eg har. Den er fra Chloe. Ønska meg veldig ei veske med ein fresh farge. Eg spanderte den på meg sjølv før jul, da eg følte eg hadde fortjent det etter eit godt jobbår.

  • Kvifor velg du å halde på nynorsken når det er så mange som byttar til bokmål? For meg ville det vore merkelig å legge om. Dialekten min er jo MEG! (Sjølv om eg ubevisst har lagt til meg noken bokmålsord her og der). Eg elskar dialektar, og meinar at alle burde holde på sin! 

Favorittplass i Sogndal? På hytta i Rindabotn! 🙂

  • Hvor mange land har du vært i? Hadde vært gøy å vite. Eg lasta akkurat ned appen “Been” der du kan plotte inn alle landa ein har vore i. Ganske gøy. Eg fann da ut at eg har vore i 10% av verden som tilsvara 26 land. Og i USA har eg besøkt 12 statar. 
  • Hva gjør du så ikke skjørtet skal skli opp? Og hvordan får du så blanke bein? Hehe. Strikken i livet helde iallfall dette skjørtet på plass. Om ikkje må eg vel berre dra det ned. Body Lotion gjer susen for blanke bein.

  • Ikke spm, bare at du er utrolig inspirerende og flott! Tuuuuuusen takk! 
  • Hvor er ulvehua fra? Den er fra bensinstasjonen på Bromma 🙂

  • Hvis jeg sier kokos, hva sier du da? 😉 PINA COLADA BABY!
  • Hvor gammel er dattera di? Loveuuuu! Billie blir 5 år i april.
  • Hvor kort er håret til Billie nå? Ganske så langt fortsatt! 

  • Drikker du brus? Iskald Cola Light på boks, my guilty pleasure.


  • Du burde gi ut country album (ala Kacey Musgraves)! Er det noe du vurderer? Ja, det er det! 🙂
  • Hvor er den hvite alpindressen din fra? Den er fra Colmar!
  • Et du nokon gong snop? Gi meg sure føtter!!!
  • Favorittmiddag? Suuuuushi! Gjerne fra Alex Sushi. 
  • Hjemmelaget pizza eller taco? Pizza- heilt klart! Eg gir “norsk taco” terningkast 3. Skikkelig taco derimot- NAM! Pizzaen på bilde er min favoritt fra Teatro. Kvit pizza med “Røkt Sik”. 

Gledar meg allerede til ny spørsmålrunde på Instagram. Det er berre til å fyre laus, så prøver eg og svare på så mykje som mulig. Det var ein del spørsmål om trening og hudpleie der, men eg føler det krever meir utfyllande svar enn det eg klarar på instagram. Eg skal heller lage noken innlegg om desse tinga framover 🙂

Tone

11 tima søvn i natt, fullstendig i koma fra eg la hove på puta i gårkveld til eg vakna i dagtidlig. Det var hovne auger og ein lamma kropp som møtte denne mandagen. Men opp kom eg, og det heile starta med å gjere Billie klar for karneval i barnehagen. Ho skulle vere “Shimmer & Shine”, eller ein av dei- eg veit ikkje kem som er kem. Ho strutta iallfall av gleda der vi møtte ein gjeng med figurar i barnehagen. Ein dag ho har gleda seg til i vekevis.


Min dag har vore fullstendig blotta for både shimmer og shine. Eg drog på meg joggedressen og tuta inn til byen for ansiktsbehandling. Ein heilt riktig aktivitet på ein blåmandag. Og ikkje minst trur eg huden min trengte og fortjente ein liten boost etter ei småslitsom helg. Har apropos hud fått mange spørsmål om korleis hudrutiner eg har, så eg tenkte eg skulle lage eit innlegg på det i nærmaste framtid. Korleis hudprodukt eg brukar og korleis behandlingar eg tek. Stemning for det?

Måtte dette bli ei fin veke! Snakkast snart da, fine lesarar.

Reklame

I går var eg så heldig å få vere ein del av Melodi Grand Prix-showet. Ikkje som deltakar, men eg var med å synge for fine Tor Endresen som velfortjent fekk ein hyllest! Tenk at han har vore med på MGP 12 gonger, for ein sangar og artist han er!

Eg blei kjent med Tor på Hver Gang Vi Møtes i fjor. Da sang eg “Ingen Er Så Nydelig Som Du”, som er ein låt eg har blitt ekstremt glad i og gjort mykje i ettertid. Det var denne vi gjorde i går óg, Heidi Ruud Ellingsen, Christine Guldbrandsen og meg. Eg var i utgangspunktet ikkje nervøs, men da eg møtte Tor sitt blikk kjente eg at eg blei skjelven og litt rørt av at han blei rørt. Han er ein følsom mann, eg er ei følsom jente.   Det er jo alltid ein sann glede å få opptre i eit fullsatt Spektrum- Oslos Storstue! Og MGP, for eit show, for eit sirkus! Det er 10 år sidan eg sjølv var med, kom på ein finfin 2.plass etter Rybak. Og eg må sei at eg kjente litt på at det hadde vore gøy å oppleve det igjen. Vi får sjå ke framtiden vil bringe. Kanskje eg ein gang står på MGP-scena igjen?! Denne kjolen må få noken velfortjente ord. Den er noke av det finaste eg noken gang har hatt på meg, skulle ønske eg kunne ha den på kvar dag! TSH er som alltid heilt magisk. Tusen takk for at du kler meg opp gang etter gang. Eg føler meg alltid så fin! Ein liten cupcake! Og ho her da- som ALLTID er der for meg og svinga sminkekostane. Og ikkje minst så har vi det så gøy i lag. Verdens beste AG og Evelyn Solheim som fiksa håret mitt. Glam Squad no. 1! Dette var rett og slett ein kjempekveld, og eg er ei glad og fornøgd jente her eg sitter i dag- litt sliten i maska på ein søndag.

Noken vil sikkert tenke at det høyres sjølvdiggande ut å høyre på eigen musikk, men av og til er det virkelig fint og ganske nødvendig. Eg gjer det ikkje veldig ofte, men av og til når eg sitter i bilen aleine så setter eg på mine eigne plater. Det er fint fordi eg innimellom klarar å høyre det med nye øyrer- på godt og vondt.

Eg er jo så stolt av det eg har gjort, og det høyrer til meg og min historie. Med noken låtar kan eg tenke at ting kunne vore gjort anleis, eller at låten rett og slett ikkje skulle vore med på plata. Men det er vel óg sunt å vere sjølvkritisk til ein viss grad?

I det store og heile er megastolt, og på kvar plate høyrer eg utvikling; fra eg var 17 år og fram til no. Eg har vokst med musikken, og kvar låt høyrer til eit minne eller ein historie. Det er ganske så fantastisk å få vere artist, men óg forferdelig skummelt og utleverande. Alle kan – og vil meine, det er nådelaust.

Eg såg nettopp dokumentaren med Lady Gaga på Netflix (anbefalast). For meg som relativt liten artist (i forhold til ho) var det så fint å sjå på hennas nerver rundt musikken. Følelsen før plateslepp – vil folk like det, vil folk ha dette, likar dei meg? Den følelsen er nesten ikkje til å holde ut, men når fisken er på disken er det samtidig verdens beste følelse (iallfall når det går bra). Uavhengig av det, så er det eit produkt ein har jobba med over lang tid, og følelsen av stoltheit vil uansett vere der.

Men det går jo ikkje ALLTID bra. Og som artist, forfattar, kunstnar eller ke det skulle vere, så skal ein møte på både oppturar og nedturar. Livet hadde vel vore ganske platt med kun ein av delene. Eg for min del har nok hatt godt av dei stundene der ting butta litt i mot, for meg har det gitt det eit ekstra gir til å jobbe enda hardare og ville ENDA meir! Ein trenge kritikarar, ein trenge folk som kan gi deg eit spark i rumpa. Men ein treng i aller høgste grad dei som rosar og omfavnar! Eg er EVIG takknemlig for dei som lyttar til musikken min. Eg får daglig meldingar fra folk som setter pris på det eg gjer, der musikken min har gjort ein forskjell for dei. Eg blir varm om hjertet, og det er drivkraften til å fortsette. Tusen takk!

Og til dei som har spurt meg om det kjem ny musikk snart… Eg har akkurat starta på eit prosjekt som for meg er veldig spennande- og ja, det er ny musikk. Men når eg slepper første låt… Det vil tiden vise 🙂

Hejhej hallå! Pappa syns det var merkelig at eg hadde Sverige sitt flagg på jakka mi, og det kan eg for så vidt vere enig med han i. Men eg syns sammarbeidet mellom Acne Studios og Fjällräven er så kult, dessuten likar eg jo Sverige. Fekk jakka til jul, og elskar at den er så knæsj i fargen, pluss at ein kan vrenge den til å bli armygrønn. Mykje morro i ein og samme jakke!

Jaja, nok om det. Vinterferieveka har starta uten vinterferie for vår del. Vi er fortsatt stasjonert i Oslo og køyre kvardag enn så lenge. Fra torsdag tar vi oss ei langhelg på hytta, og det gledar eg meg ekstremt til. I tillegg er det Fjellsport Festivalen i Sogndal kommande helg, så eg trur det blir mykje liv! “Fjedle kadla og eg lyte gao”. Tja, e vel ikkje heilt slagordet mitt dét, men eg kosa meg på fjellet og spesielt på hytta. 

Eg er i planleggingsfasen av nye ting som skal skje, så dagane mine er relativt behagelige og sjølvstyrte (noke som innimellom kan vere litt utfordrande). Eg er godt i gang med trening, og eg kjenner at det gir meg mykje energi! Det er veldig deilig! Var det noken som las Annema sitt innlegg forresten? Eg blei så inspirert av det. Ho skriv:

På dager jeg skal trene kondisjon gjør jeg alltid et program for mage/kjerne etterpå. Det trenger ikke være så tungt eller komplisert, bare det brenner i magen og gjør vondt å le dagen etter. For meg er dette blitt en greie – aldri kardio uten abs etterpå.

I går køyrte eg 1 time på elipsemaskin (ja, det er lenge..), og etterpå- kun på grunn av Annema, køyrte eg 5-10 min med mageøvelsar (sit-ups, side sit-ups, planke og sideplanke). Eg er ei som like gjerne kunne pakka sekken å gått derfra uten dei siste øvelsane, men det føltes så deilig og tok så kort tid! Berre ein liten anbefaling til di som trena kardio.

Tone-tiden er snart over, og eg skal hive meg i bilen å hente tassen i barnehagen. Nyt ferien eller kvardagen- alt ettersom.

FOTO: Magnus Westerlund 

For ein deilig dag dette er. 8 grader og SOL! Det er heilt innanfor å snuse litt på våren no, syns eg. Eg var på Aker Brygge i dag, og der var det snøfrie gater! Passar meg rimelig bra da eg er rimelig lei av sørpete og isglatte vegar. Måtte våren komme fortast mulig!

No har eg komme heim og har litt kontortid før eg skal hente i barnehagen. Etterpå skal eg ta med Billie til frisøren. Ho skal klippe det lange håret sitt for første gang! Eg har sagt til Billie at ho sjølv skal få bestemme når ho skal klippe seg, og no er tiden inne. Eg sit med blanda følelsar, for i dag forsvinne dei nederste beibikrøllane. Dei er jo så søte!! Men det trengs, håret går nedanfor rumpa, så ein liten stuss er nok på sin plass. Vetle skatt er ikkje lenger så liten, snart 5 år!

Var det forresten noken som fekk med seg første episode av Senkveld på fredag? Ke syns di om Campen? Eg kan love at dei nesten konkurransane blir enda gøyare og meir utfordrande.

Ønsker dikka ein fortsatt fin dag!