Annonse

I morgon lanserast enda fleire vårfavorittar fra Vero Moda. Er det ikkje deilig å tenke på at ein snart kan legge boblejakka på boden og traske rundt i tynnare plagg?! Eg har forsåvidt gjort det ei veke allerede, sjølv om det fortsatt er litt kjølig i lufta.

Denne kolleksjonen fra Vero Moda er så fin, og eg er atter ein gang veldig stolt over å vere deira ambassadør. Nedanfor kan du sjå kampanjebildene og mine tankar og rundt dei ulike plagga.

Dette antrekket vil eg sei er veldig meg. Det er enkelt og sommarleg. Eg får aldri nok av blondeblusar, og denne er rett og slett superfin

Gi meg sett! Eg diggar det, og har mykje av det i klesskapet. Dette kord-settet er knallfint. Kjem óg i gul og kvit/krem.

Denne jakka er så cool! Kan brukast som ein tynn vårjakke, eller rett og slett berre som ein overdel slik som her på bildet. Kjem i lysblå og kvit. Shortsen er óg dødskul, boyfriend-variant. 

Denne kjolen er så fiiiiin. Elskar blåfargen! Denne kan brukast til alt fra bryllup, sommarfestar, på stranda med Havaianas eller på jobb med for eksempel Converse.

Eg trur ikkje eg har hatt på meg ein grønn kjole sidan Idol-finalen i 2005, og skal ærlig innrømme at den i sin tid ikkje var den finaste. Denne derimot, har gjort at eg har fått augene opp for grønn igjen. Den er råfin! 

Enda ein nydelig sommarkjole! Denne er fantastisk behagelig å ha på da den har strikk i livet. Eg har ikkje så mykje i denne fargen fra før, så den sprita absolutt opp mitt klesskap. Det er gøy å teste ut nye fargar, og denne skal virkelig få køyrt seg framover.

Denne skjortekjolen er kanskje den eg diggar mest fra denne kolleksjonen. Eg hadde på meg den på lørdag da eg besøkte Vero Moda på Torvbyen i Fredrikstad. Da styla eg den med jeans under og boots. Eg gledar meg dog til å kun ha bare bein som her på bildet. Denne kan ein style opp og ned slik ein måtte ønske. Kjem til å leve i denne framover!

På Costume.no kan du lese 4 kjappe spørsmål med med meg om sammarbeidet med Vero Moda og den nye kolleksjonen. 

FOTO: Renate Torseth

Dette er ein ganske så fin lørdag. Og litt rar. Markus er på guttetur, og Billie er med farmor på tur. Eg har vore på jobb i Fredrikstad med Vero Moda tidligare i dag, og no sitter eg mutters aleine. Eg veit ikkje om eg syns det er godt eller ikkje, men eg trur absolutt at ein ha godt av å bruke litt tid for seg sjølv av og til.

Eg har ete nudlar til lunsj, orka ikkje lage noke meir hokus poukus enn som så når det kun er til meg sjølv. Dessuten ELSKAR eg nudlar. Sånn virkelig. Nudlar med Skoglunn-pølsebitar oppi, pimpa med Sriracha, soyasaus og cayennepepper. Halleluja!   

No skal eg ta meg ein ettermiddagslur, tenkte eg. Eg kan jo det når eg kun har meg sjølv å tenke på! I kveld skal eg møte ei venninne til middag. Det blir skikkelig hyggelig, for ho har hengt alt for lite med dei siste åra. Ho har barn, eg har barn- og da blir det brått slik.

I morgon kveld er troppen samla igjen, og det gledar eg meg skikkelig til. Men eg må sei at det er fint å savne litt innimellom. Da kjenner ein ekstra på kor heldig ein er og godt ein har det i lag.

Can be the life of the party, but home is where I like myself. 

FOTO: Aleksander With

Eg ringer som regel Markus etter å ha levert i barnehagen på morgonen, egentlig berre for å sei ordentlig god morgen. Begge (eller iallfall eg) er alt for trøtte i trynet og praten i det han går ut døra, så da helde det i massevis med eit ha det-kyss. I dag var beskjeden min til han; eg føler at eg er født på ny! Med sola i ansiktet kjente eg meg opplagt og oppriktig gira for ein ellers normal onsdag. Kroppen (og til dels sinnet) har vore i dvale så alt for lenge, så denne vitamininnsprøytningen av sol var etterlengta og særdeles nødvendig! 

Eg har køyrt mi andre treningsøkt for veka, og det føles godt. Trening + sol, drømmeoppskrift. Eg har berre lyst å snakke om været eg no. Eg er altså i fyr og flamme for denne våren!

Møtte min gode venn Aleksander With i går da eg hos frisøren, og jammen hadde han ikkje med seg kameraet sitt. Vi tok 10 minutt i bakgården og knipsa litt bilder. Det er alltid kjekt, og han er så flink!

Håpar du kosar deg i vårsola.

Denne helga har vore full av festlige ting, egentlig heilt fra torsdag da det var opning av “The Hub”. For eit heidundrande party der det ikkje var spart ein ting. Fantastiske artistar som Ina Wroldsen, De Nye Gitarkameratene, Arif, Carola og fleire. Nydelig mat og generelt GOD KOK. Da kosa eg meg, veit du. Fekk til og med bilde med sjølvaste Carola! Fotograf-kompis, Robin Bøe, hadde med seg analogt kamera, det var tider det- da ein tok eit bilde og var happy med det #nostalgi

Men det var godt å komme i gang med denne veka, legge helga og paljettane fra seg. I går kveld prøvde eg Bikram Yoga for første gang, og det må eg sei, det var ganske så digg. Eg er egentlig ikkje så fryktelig fan av slik varme, men kroppen vente seg til det relativt fort. Eg kan ikkje akkurat sei at eg er smidig som ei katte, men etterkvart så følte eg faktisk at det løsna litt opp. Og som eg sveitta. Er ikkje normal kost for meg at ein kan vri opp trusa etter ei økt. Dette skal eg jammen fortsette med. Iallfall sånn i ny og ne.

Eg gledar meg til resten av veka som blir betraktelig roligare enn helga. Ser fram til sofakos på kveldane og familietid. Det beste som finns.

Den nye spelelista mi begynnar å fylle seg med gode låtar. Det er alltid tilfredsstillande med ny musikk på øyra- om det er nyutgivelser eller gamle funn. Dette er min topp 10 tracks no om dagen:

  • Love It If We Made It- The 1975
  • Make Me Feel (EDX Dubai Skyline Remix)- Janelle Monáe
  • Jonas Brothers- Sucker
  • Sigrid- Sight Of You
  • Julie Bergan- STFU
  • It´s Not Living (If It´s Not With You)
  • En sjanse til- Razika
  • Du ga mæ viljestyrke- Kristian Kristensen
  • Uranium Heart- Highasakite
  • bloodline- Ariana Grande

Eg gledar meg til fleire nyutgivelsar, og kanskje spesielt til Sigrid sitt album som kjem på fredag. For ein sinnsjukt bra artist ho er. Henda i været, applaus!

  • Pappa kalte og kallar meg fortsatt meg for “vetlao” (minsten), mens mamma kalte meg for “Bolla” da eg var liten.
  • Som liten drømte eg om å bli reiseledar, aller helst bamsemamma i bamseklubb. Eg hadde mitt eige reisebyrå heime, og eg kunne alle destinasjonar og hotell utenatt. Bahia Feliz var drømmeplassen, men vi reiste aldri dit. Mamma og pappa var glad i Hellas.
  • Eg spelte tverrfløyte i korps i 7-8 år- og eg hata det. Pappa lova meg ei bukse i året, pluss at korpsturane alltid var gøy. God var eg heller ikkje, men da eg begynte på musikklinja på videregåande var eg plutselig glad for min erfaring da eg låg eit skritt framfor mange andre, fordi eg kunne notar.
  • Min favorittdrikk er Peroni, iskald slik at flaska er frosta. Eg likar å legge ølen i frysaren i 10 minutt for servering.
  • Eg satt i kassen på Eurospar (no Meny) i Sogndal i eit år, kvar mandag og annakvar helg blomstra eg i grønn gensar og røde bukser.

  • Eg har gått i søvne på eit hotell i Miami og låst meg ute på gangen- kliss naken. Eg måtte ta heisen 16 etg ned i resepsjonen for å få hjelp til å komme meg inn att på rommet. Tre securitas-menn kom så opp å møtte ei skrekkslagen og ekstremt flau jente fra Norge. Dei må ha hatt det veldig gøy på mine vegne.
  • Eg har blitt stoppa av sivilpoliti for å ha køyrt for fort, men heldigvis for meg hadde han ikkje måleapparat i bilen. Han var klar i sin sak på at lappen hadde blitt tatt på flekken. Flaks! (etter dette har eg blitt fullstendig paranoid når det kjemme til bilar bak meg på vegen, så no køyre eg som ei kjerring…)
  • Eg gjorde min tv-debut på “KykeliKokos” på NRK (for dei som hugsar det… 81549300). Eg var innringar og vann heile musikkkonkurransen det året. Tone, 9 år. Fekk blant anna autografen til Morten Harket, og var megastolt!
  • Allerede i 5.klasse var eg 171cm, og der skulle det stoppe. Kan ikkje sei at eg likte å vere høg, men i 8.klasse kom heldigvis mange etter. No føler eg meg akkurat passe.
  • Eg er eit sovedyr, og aller helst skulle eg hatt 10 verdifulle timar på puta. Det er ikkje så lett da eg i tillegg har lakenskrekk og kjem meg seint i seng. Denne komboen er svært vanskelig! Haha. I tillegg har eg ei datter som helst vil at eg skal stå opp når hanen galar!