Crazy Turbo Weekend

Eg er heilt punga etter denne helga, men på ein god måte. På fredag satt eg 10 timar på Gardermoen og spelte poker, ein god dag rundt filten der korta spelte godt med meg. Det er alltid gøy. Sett vekk ifra at eg nesten mista heile stacken min på siste handa.

Lørdag var det tre timar med julemesse i barnehagen der eg hadde kioskteneste i to av dei, superkoselig og stas for kidsa. Rett fra barnehagen til sminke, på med paljettane og klar for P3 Gull. Kontrastar er fint, hehe. Så heim fra festen der eg blei møtt med ei lita jente som hadde kasta opp i senga. Fra finstas til joggedress med oppkast på.
Heldigvis var formen hennas fin på søndag, og eg kunne sette meg i bilen og køyre til Gardermoen igjen- dag 2 av Main Event i Poker NM. Det blei ein kort affære for min del da mine to ess ikkje to mot to knektar.

Så var det heim igjen og rimelig spent på siste seriekamp for Sogndal mot Vålerenga. Det blei ein nervepirrande opplevelse, men med 5-2 seier sikra vi oss kvalikplassen, og vi kan puste letta ut før oppgjeret mot Ranheim på onsdag. Livet til ein Sogndal-supportar byr på mykje nerver mot slutten av sesongen, det skal vere visst.

Så i dag er sliten. Har gått i joggedress heile dagen, null sminke, berre sløva. I morgo er det full rulle igjen med møter og radiointervju.

SISTE FRA INSTAGRAM

@toneda
instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image