Ein liten helsing før jul

I fjor fekk ingen julekort av oss. Tiden flaug i fra meg, og plutselig var det for seint. Eg skal innrømme at eg fekk litt dårlig samvittighet, ikkje fordi at folk forventa å få julekort av oss, men fordi at det nesten kvar einaste dag låg eit og anna kort i vår postkasse. Vi skulle óg ha sendt ut ein hyggelig helsing før jul med eit fint bilde av Billie på.

Men i år er det andre bollar! Julekorta fra Fotoknudsen er komne for lengst, eg har skrive på alle adresser og dei ligg klare til postlegging. Kor deilig er det ikkje å ligge frampå?! God følelse.

Eg hugsar før i tiden, da mamma satt med pennen i fleire timar, skreiv personlige julehelsingar til folk- for det var jo slik det skulle vere. Eg må berre sei at det har eg ikkje tid eller tolmodighet til. Det viktigaste, tenker eg, er at folk får ein helsing fra oss. Morfar sa til meg ein gang; det hyggeligaste med å få ein helsing i posten er at ein veit at ein blei tenkt på i det øyblikket kortet blei skrive. Det er fint å bli tenkt på…

Julekortet fra oss er veldig enkelt og fint. Eg likar det reine og enkle. Bildet av Billie er fra i sommar gjort i svart/kvitt, med «Hello New Year» frampå. Teksten bak på kortet komponerte eg sjølv, på nynorsk selvfølgelig. Eg vil tru det tok meg 5-10 minutt å gjennomføre bestillingen (kunne sikkert brukt lengre tid da det var så mange fine design å velge mellom). Veldig enkelt, og noken dagar seinare var korta her. 

Har du lyst til å vinne eit gavekort fra Fotoknudsen? Legg inn ein kommentar under og du kan vinne eit gavekort til ein verdi av  1000 kr fra Fotoknudsen.

Akkurat no er det ekstra hyggelige førjulsprisar Fotoknudsen. Du får 40% rabatt på julekort og julegaver, så det er verdt å få med seg!

Last ned Fotoknutsen for IOS her og Minnebank her.

Last ned Fotoknutsen for Android her og Minnebank her.

 

SISTE FRA INSTAGRAM

@toneda
instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image