STRANGERS!

Wiiii!!! I dag er den nye låten min Strangers ute! Fy… så gira eg er. Augene for opp som rullegardiner kl 05 i dag, og da var det ingen veg tilbake. Som eit lite barn på julafta, klar for den store dagen.

Rett inn for å sjekke Spotify og New Music Friday, og mot alle mine forventningar låg bildet av meg på toppen! For ein glede. Takk Spotify!! Så no folkens, er Strangers tilgjengelig på alle musikktjenestar. Håpar di likar låten, og gledar meg til å høyre dikkas tilbakemelding. Låten er skriven og produsert av Jesper Borgen, Erik Smaaland og Kristoffer Tømmerbakke. Ein fryd å jobbe med alle sammen!

Strangers handla om eit kjærlighetsforhold der kvardagen er reel og kranglar og diskusjonar oppstår. Den vonde følelsen når ein våknar på morgonen etter ein krangel kvelden før. Den handlar om å prøve å hente fram igjen den nyforelska følelsen, da ein var ukjente for kvarandre, da ein gjorde det lille ekstra. Å vere litt fryktlause og barnslige.
Foto: Ole Martin Halvorsen

SISTE FRA INSTAGRAM

@toneda
instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image