FULL PUPP

Denne veka er ganske hektisk med videoshoot i dag, fotoshoot for Vero Moda i morgo, lansering av singelen min, «Strangers», på fredag. Det er slike veker eg elska, full pupp!

I dag filma vi ein såkalla lyrics-video til låta som di snart skal få sjå. Er alltid like spennande å sleppe ny musikk. Som små «barn» eg går å bære på lenge, og som plutselig er allemannseige. Eller fortsatt min da, men alle har muligheten til å vere ein del av den, meine noke, ta den til seg eller forkaste. Litt skummelt, men óg heilt fantastisk! Det er dette eg lever for. Kitla alltid like godt i magen.
Dagen i morgo blir lang og kjekk. Ny kolleksjon for Vero Moda skal fotograferast, og eg trur det blir veldig bra. Kleda er iallfall superfine, og med samma teamet som sist blir det nok heilt knall. Kjenner at eg må legge meg tidlig i dag, må vere opplagt og klar. Ikkje særlig kult å komme med smale auger på fotoshoot.

Snakkast snart. God kveld i stova.

SISTE FRA INSTAGRAM

@toneda
instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image