The perfect weekend

Denne helga har vore heilt nydelig. På fredag var vi hos Tale og Jens, åt verdens beste Alex Sushi, drakk god vin og endte med eit aldri så lite pokerlag utpå kvelden. Aldri feil det med gode venner.

Vi sov over, vakna på lørdag med litt smale auger, men klar for ein strålande fin solskinnsdag. Vi gjekk opp på Røa Senteret, handla inn masse deilige råvarer, satte oss så ut på balkongen og kutta opp ein haug med grønnsaker som til slutt blei til heimelaga taco. Og med heimelaga taco meinar eg ikkje Old El Paso-salsa og kjøttdeig med posekrydder- her snakka mi «the real deal». Heimelaga salsa, mango- og granateple salat, guacamole og grilla entrecote skjært i løvtynne skiver. Så sjukt godt. Eg elskar å lage slik mat, reint og sunt. Heller ikkje feil å flytte kjøkkenet ut, høyre på musikk og drikke Coronitas.

7 kids kosa seg i bassenget, på trampolina og farta rundt i 110. Alle storkosa seg. Det er så deilig når sommaren strekke seg ut i september, riktig nok litt meir crispy i lufta, men så fint.

No har vår lille familie på 3 vore på Texas Barbecue Cafe på Stabekk- vil helst ha slik på mat på søndaga. Baby Back Ribs, Pulled Pork, Corn on the Cobb og Mac & Cheese. Grisete og deilig! Hadde mat i halve fleisen etter at alt var slukt. Nam.

No nærma det seg sengetid for vetlemor. Eg skal så ta meg eit langt bad, ta hårkur, ansiktsmaske og nyte ein stille kveld her heime. Må lade opp til ei veke som blir ganske så hektisk.

Snakkast snart.

Tone

SISTE FRA INSTAGRAM

@toneda
instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image