Bobler, musikk, fashion og ein misforståelse.

Det er fredag morgen, eg har levert i barnehagen, raska med meg ein smoothie på veg heim, og no sitte eg i sofaen med teppe og musikk på øyrene. Blir alltid så sabla kald av å drikke smoothie (lika egentlig best å sitte i bilen og drikke den med maks varme på- da kosa eg meg).

Denne veka har vore hektisk og innholdsrik. Masse, masse jobb, og litt pleasure.

På onsdag var eg på lanseringen til el&ill x Celine Aagaard på ein ny restaurant som heiter Fyr i Oslo. Eg er sjeldent på slike event, etter å ha fått barn og flytta ut av byen forandra prioriteringane seg litt- naturlig nok. Akkurat dette eventet ville eg likevel få med meg da eg er glad i både el&ill- jentene og Celine.
Det blei ein fantastisk morsom ettermiddag/kveld/natt; knallgod mat, god musikk, fin kolleksjon og ikkje minst ein haug av fine folk.

Såg på Dagbladet i går at dei hadde laga sak om hus og hyttekluss. Her må eg berre rette litt, for eg trur journalisten og meg misforsto kvarandre litt der. Hyttekluss har det ikkje vore, så den er eg slett ikkje lei- tvert i mot- eg ELSKA hytta vår. Eg trudde ho spurt meg om huset, for DÈT eg er lei. Liten og ubetydelig greie, men rett skal vere rett. Eg vil ikkje at dei som har bygd hytta for oss i Sogndal skal tenke at eg er misfornøgd- for det er eg ikkje!

No skal eg jobbe noken tima fra sofaen før eg skal hoppe i treningstightsen og bli pusha beinhardt av Annema. I kveld skal vi ha middagsgjester; reker og kvitvin.

Goooood helg, fine folk!

Foto: Marian Jade Larsen (lånt av Envelope.no)

SISTE FRA INSTAGRAM

@toneda
instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image