My kind of monday

I dag har vore ein slik mandag som eg elskar. Opp tidlig, avstad til barnehagen, deretter få gjort masse- både jobb og husarbeid.

Etter at Billie endevendte rommet sitt for noken dagar sidan grua eg meg til å ta fatt på opprydningen, men når ein først er i gang er det egentlig ganske tilfredsstillande. Har eg sikkert vaska fem maskiner med kle. Heilt ille kor mykje klesvask det blir berre med ein familie på tre. Sikkert mange som kjenner seg att akkurat der.
I morgo er det full rulle; først trening, så møte, deretter studio. Denne veka byr på mykje spennande, og eg gledar meg veldig.

Billie er på veg i seng, nybada og god- noke som virkelig var nødvendig da ho såg ut som eit lite sandtroll etter barnehagen. Eg gledar meg til ein kveld framfor tv´en. Vi avslutta sesong 3 av The Americans  i går (må ha pause før sesong 4, blei fysisk dårlig av nerven i den serien), og begynte på Designated Survivor. Fekk berre sett ein episode, men eg er allerede veldig begeistra!

Ønske dikka ein fin kveld! 🙂

Topp: Ravn/ Bukse: Rag & Bone (Høyer Byporten)/ Veske: Holzweiler (spons)/ Sunnies: Tom Wood/ Sko: Superga

SISTE FRA INSTAGRAM

@toneda
instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image