My baby is 3!

Bebisen min er blitt tre år! Det er ganske sprøtt å tenke på, syns eg. Denne helga har bestått av bursdagsfeiring for ho. Endelig var dagen her som ho har spurt om i fleire månader. Dette er første året der ho faktisk forstår ke bursdag er, og tydeligvis er ho lika gira som mor si.

Vi hadde ein fantastisk fin feiring på lørdag med over 40 gjester. Det var trampoline, elektriske køyretøy, fotball og masse morro for kidsa. Heilt topp! Trur Billie kosa seg veldig, og var sliten og glad da dagen var omme.

Eg skal ikkje skryte på meg den latterlig fine kaka, sjølv om eg bidrog både med kanelbollar, eplekake og muffins til feiringen. Den «proffe» kaka er fra Hancock, ikkje berre steike fin, men knallgod óg. Lys sjokolade med bringebær.

I tillegg fiksa venninna mi, Nina, fantastiske ballongar fra Festligeting til selskapet, noke som Billie syns var skikkelig stas. Ekstra kult var det at det sto Billie på den store ballongen.

Kaka og  ballongane er sponsa.

SISTE FRA INSTAGRAM

@toneda
instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image