TONE + ELLE

Ahhhh… Eg har gleda meg til å dele bildene fra shooten med ELLE i forbindelse med slepp av Pinnacle– det er sikkert noken som ikkje har sett dei enda. Dette er ein av dei kjekkaste shootane eg har vore med på, selvfølgelig fordi eg fekk ein real forvandling ved å bruke blond parykk- gå litt ut av karakter. Eg som alltid har hatt ein liiiten drøm om å prøve den blonde tilværelsen. Billie syns mamma var ugjenkjennelig og ville ikkje opp i fanget mitt før parykken var av, personlig likte eg det godt.

Eg er superstolt og glad for at eg fekk vere cover-girl for fjerde gang på ELLE, spesielt sidan dette er ein av dei siste nummera før bladet blir lagt ned (buuhuuu…)

Foto: Truls Qvale

Til slutt vil eg takke for alle tilbakemeldingar på forrige blogginnlegg «Det er på tide å speak up«. Ein slik støtte og respons blir satt ekstremt stor pris på. Takk!

SISTE FRA INSTAGRAM

@toneda
instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image