Bye Bye LA- og ein liten oppsummering

I skrivande stund sitte eg på Gardermoen, venta på mitt tredje fly som skal ta meg til Sogndal. Markus og Billie er nemlig der, og klara knapt å vente med å sjå dei att.

Eg sitte her med så mange fine følelsar og minner, ein tur som har gjort så sinnsjukt godt for kropp og sjel. Eg trengte å komme meg litt vekk, alle trenge det innimellom.

Eg har ikkje tal på kor mange turar eg har hatt til LA no, men såpass mange at eg føler at kan slappe av der, trenge ikkje stresse med å sjå så sabla mykje. Det er nok å berre ta LA-viben innover seg.

Eg har tidlegare skrive om mine LA-tips på bloggen, men det som er med denne byen (som med mange andre storbyar) er at dei «hotte» restaurantane og klubbane forandra seg støtt. Noken vil forbli, som Chateau Marmont, men det er alltid nye plassar å oppleve. Nedanfor ser du noken av restaurantane eg besøkte på denne turen:

  • Catch: Dødskul rooftop-restaurant med fet musikk. Her fekk vi servert asiatiskprega mat og ein knall atmosfære. På bordet bak oss satt Jason Derulo.
  • Wally´s: Italiensk perle i Beverly Hills. Forretten var eit fat med fantastiske ostar og skinker- akkurat slik som mor lika det. Til hovedrett valgte vi fleire trøffelrettar, and I love it!
  • Delilah: OK, kulaste plassen eg besøkte på heile turen, men ganske vanskelig å få bord (vi kjente ei som fiksa for oss). Og eg skjønna koffor. Live jazz-band, Great Gatsby-damer med puppane i det fri som dansa elegant poledance, ein dødskul bar og Justin Bieber satt på bordet rett attmed oss. Eg daua litt. This is the new HOTSPOT!
  • Nobu Malibu: Ingen ny plass, but still so amazing. Sjukaste utsiktet, latterlig god sushi og ein herleg vibe. Malibu i seg sjølv er jo så fint, og denne restauranten er heilt topp.Jakken er fra Colmar, og er sponsa. 

SISTE FRA INSTAGRAM

@toneda
instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image