Billie sin første mobiltelefon

Bekymringane har definitivt økt etter at eg blei mamma, noke eg har forstått er fullstendig normalt. Slik er det vel berre, ein er konstant redd for at noke skal skje med barnet sitt.

Eg hugsar for noken år sidan da eg var i dyreparken med eit barn. Vi skreiv telefonnummer og navn på handa til barnet, i tilfelle vi skulle miste kvarandre. Ein fin greie. Enda finare og tryggare er Gator si GPS klokke for barn, ei klokke som fungerar som ein mobiltelefon med innebygd GPS, slik at ein alltid kan vite kor barnet befinn seg. Noken vil kanskje sei dette er vel kontrollerande, men eg likar tanken på å alltid kunne vite kor barnet mitt er.

Billie er nok enda litt for liten til denne klokka, men om ikkje lenge er den høgaktuell for oss her heime. Ho syns dog at klokker er fryktelig stas, fordi mamma og pappa går med klokke, så den er allerede veldig populær.
img_6470

GPS klokka fungerar som ein vanlig mobiltelefon, der du kan ringe og snakke med barnet og barnet kan ringe og snakke med sine verger. Klokka kan kun motta samtalar fra forhåndsgodkjente telefonnummer, slik at uvedkommande ikkje vil kunne ringe. Barnet kan velge å ringe mamma og pappa, eller holde inne SOS-knappen som ringer 3 nummer som er satt opp på ringelista i loop heilt til noken tar telefonen. Utover dette kan ein lagre opp til 20 nummer på ei vanlig «telefonbok-liste».

Når Billie om mange år skal begynne på skulen og etterkvart begynne å gå aleine, vil denne klokka vere ein fin tryggheit, spesielt for ei litt nervøs mor.

Les meir om GPS watch for kids her.

SISTE FRA INSTAGRAM

@toneda
instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image