Reisefeber

Ein kan trygt kalle dette reisefeber. Etter å ha pakka alt for mykje i går kveld (ja, eg måtte ty til koffert nummer to), smelt i meg to køller og ein pils- la eg meg sånn i 23:30-draget for å nyte ei 6-timars lang natt på den nye silkeputa mi (fekk i gave av ein kompis til bursdagen, skal visst vere smooth for både hud og hår).

Sovna  godt gjorde eg, men klokka 02:00 vakna eg av at eg måtte på do, eg var tørst, så blei eg svolten og pang- der gjekk søvnen som eg er så opptatt- og avhengig av rett i dass. Lys vaken. Meg, fuglane og lastebilsjåførane på E18. Digg.

Også måtte eg inn å snuse litt på Billie som eg grua meg til å reise ifra, syns alltid det er fælt. Riktig nok så er det ikkje alle turar eg «vil» ha ho med på, slik som denne til Vegas. Etter at vi erfarte denne sirkus-byen i fjor så meina eg at det er riktig avgjerelse å la ho vere her heime med trygge tante-Tale og farmor. Las Vegas er for varmt, det er casino og gambling over alt og mykje støy, rett og slett ingen ein by for ein to-åring. I tillegg er eg der for å spele poker for Betsson, heller ingen killer-combo med barn.vsco-photo-1

Billie er no trygt avlevert, Markus og meg sitte reiseklare på Gardermoen og det er snart dags for å spasere ombord på flyet som først skal ta oss til London og derfra rett videre til Vegas. Eg gleda meg til liv og morro i 5 dagar, aller mest til pokeren. Veit ikkje om eg skal tørre å håpe på like godt resultat som i fjor, der blei eg nest beste nordmann i turneringen med over 22000 deltakarar. Samtidig kan eg ikkje gå for eit dårligare resultat, eg skal iallfall gi alt eg kan, så får vi håpe at eg har flyt.vsco-photo-2

Vi snakkast når eg er framme i USA. Nyt deilige soldagar i Norge folkens.

Tone

SISTE FRA INSTAGRAM

@toneda
instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image instagram-image